Hopp til innhald

Matorral i Chile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matorral i Chile
Økoregion
Cajón Del Maipo i Santiago metropol i Chile.
Foto: Nelson Pérez
Land  Chile
Del av Mediterrant biom, Den neotropiske regionen
Areal 148 500 km²

Matorral i Chile er ein økoregion i det sentrale Chile, på vestkysten av Sør-Amerika. Det er ein økoregion med temperert middelhavsklima i den neotropiske regionen med regnfulle vintrar og tørre somrar. Bioma her er klassifisert som middelhavsskogar, skogområde og krattbiom. Økoregionen er kjent for sin høge plante- og virveldyrendemisme og har vore trua av avskoging og luftforureining frå den veksande folkesetnaden. Området er òg kjent for reptilendemisme, medrekna treiguanar, og dessutan trua krypdyr, fuglar og pattedyr. Økoregionen har vorte påverka av invasive artar frå middelhavsbassenget og overbeiting frå innført fauna og husdyr etter spansk kolonisering. Det er derfor få intakte døme på økosystem i regionen.

Plassering og generell skildring

[endre | endre wikiteksten]
Vårgrønt landskap i matorralregion ved Santiago, oktober 2012

Matorral ei smal, rundt rekna 100 km brei og med totalt areal på i underkant av 150 000 km² landstripe i det sentrale Chile og grovt rekna mellom 30° og 38° sørleg breiddegrad,[1] og frå havnivå til ca. 1500 moh.[2] Stillehavet ligg i vest, og det chilenske kystområdet ligg parallelt med kysten. Den chilenske sentraldalen ligg mellom kystområdet og Andesfjella, som avgrensar matorral-økoregionen i aust. I nord ligg den ekstremt tørre Atacama-ørkenen som skil matorral frå dei tropiske skogane i nordlege Sør-Amerika. Ein halvørkenregion kjent som El Norte Chico, «det vesle nord», ligg mellom 28° og 32° sørleg breiddegrad, og er overgangssona mellom Atacama-ørkenen og matorral. I sør grensar han mot økoregionen med dei tempererte valdiviske skogane, ein region med kjøligare og våtare klima, og inkluderer dei fleste tempererte regnskogar i Sør-Amerika. Grensene er ikkje presist definerte.

Matorral i Chile er ein av dei fem middelhavsklimaregionar i verda, som alle ligg på dei midtre breiddegradar og på vestkysten av eit kontinent. Dei andre er Middelhavsområdet, økoregionen California chaparral og skogsområde i California og Baja California, Kapp-provinsen i Sør-Afrika og Sørvest-Australia.

Det biologiske mangfaldet

[endre | endre wikiteksten]
Vachellia caven
Kodkod (Leopardus guigna) er nær endemisk for Chile.[3]
Foto: Mauro Tammone

Den chilenske matorrale økoregionen er heimstad for ei rekkje endemiske og ikkje-endemiske artar, både plantar, krypdyr, fuglar og pattedyr. Området har også sju fugleartar endemiske til Chile, og 206 registrerte takson av virveldyr, med høg reptilendemisme.

Ein har klassifisert opptil seks økosystemtypar som overlappar innanfor økoregionen og er karakterisert av flora. Ein «tørr matorral» i nord mellom Coquimbo til Valparaiso er dominert av mellom anna endemiske xerofyttar og bromeliadar. Andre område har «torna matorral» med pigga treslag som Vachellia caven. Sklerofyllskogar finst på fleire stader i regionen. Puya chilensis,[4] Gomortega keule og Pitavia punctata er døme på endemiske planteartar.[5]

Nokre av dei endemiske artane i faunaen inkluderer paddearten Chaunus atacamensis, og fleire artar av treiguanar. Kjente ikkje-endemiske artar er den sårbare og minste kattearten på kontinentet, kodkod (Leopardus guigna), den nært trua flaggermusarten Atacama myotis i glattnasefamilien og den sårbare buskrottearten Octodon bridgesi.[2] Ein livskraftig fugleart, klippeløpar (Ochetorhynchus melanurus), er endemisk for landet med heile eller nært heile utbreiingsområde innanfor matorralregionen. Skjeggturka (Pteroptochos megapodius) har likande, men marginalt meir kystnært utbreiingsområde. Her er òg fleire ikkje-endemiske, men sårbare fuglar, inkludert andeskondor.

Det geografiske området dekka av matorral inneheld majoriteten av folkesetnaden i Chile og dei største byane. Den sentrale dalen er den viktigaste landbruksregion i landet, i regionen er naturen utsett for omfattande beiting, hogst og urbanisering. Av økoregionane i Chile er matorral den med minst vern gjennom oppretta nasjonalparkar og naturreservat. Berre 1,3 % av økoregionen er verna.[1]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Chilean matorral. DOPA Explorer. Henta 9. februar 2023
  2. 2,0 2,1 C. Michael Hogan & World World Wildlife Fund (2014). Chilean matorral. ed. Peter Sauncry. Encyclopedia of Earth. NCSE. Washington DC. CC BY-SA 3.0
  3. «kodkod» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. «Ficha de Especie Clasificada: Puya chilensis» (PDF). Clasificación de Especies (på Spanish). Ministerio del Medio Ambiente. 2010. Arkivert frå originalen (PDF) 21 October 2019. Henta 15. september 2024. 
  5. Goldstein, M.I.; DellaSala, D.A. (2020). Encyclopedia of the World’s Biomes. Elsevier Science. s. 594-598. ISBN 9780128160978. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Matorral i Chile