Michèle Jacot
Michèle Jacot | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 5. januar 1952 (72 år) Le Pont-de-Beauvoisin |
Yrke | alpinist |
Språk | fransk |
Høgd | 160 centimeter |
Michèle Jacot på Commons |
Michèle Jacot (fødd 5. januar 1952) er ein tidlegare alpinist frå Le Pont-de-Beauvoisin i regionen Rhône-Alpes i Frankrike, som vann verdscupen i alpine greiner 1970 og tok VM-gull i kombinasjon same sesongen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Frå 9. februar 1969 til 20. februar 1971 sigra Jacot i ti verdscuprenn; seks i storslalåm, tre i slalåm og eitt i utfor. I 1970 vann ho den alpine verdscupen for kvinner, og gjekk også til topps i slalåmcupen.
Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina tok Jacot bronsemedaljen i slalåm. I storslalåm vart ho nummer fire, trass i at ho var berre 16 hundredels sekund bakom vinnaren, Betsy Clifford frå Canada. Saman med ein åttandeplass i utfor gav desse renna Jacot gullmedaljen i kombinasjonen.
Grunna skadar mista Jacot heile 1973-sesongen. Sesongen etter sikra ho seg sølvmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz, overgått einast av Hanni Wenzel frå Liechtenstein.
23 år gammal deltok Jacot i Gherdëina i 1975 i sitt siste verdscuprenn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Michèle Jacot» frå Wikipedia på tysk, den 10. januar 2015.