Hopp til innhald

Mikhail Suslov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikhail Suslov

Verkeleg namn Михаил Андреевич Суслов
Statsborgarskap Sovjetunionen, Det russiske imperiet
Fødd 8. november 1902
Sjakhovskoje
Død

25. januar 1982 (79 år)
Moskva

Yrke politikar, samfunnsøkonom
Språk russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Medlem av Sentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet, Politbyrået i Sovjetunionen
Religion ateisme
Mikhail Suslov på Commons

Michail Andrejevitj Suslov (9. novemberjul./ 22. november 1902greg., død 25. januar 1982) var ein sovjetisk kommunistisk politikar.

Suslov var fødd i nærleiken av Simbirsk, noverande Uljanovsk. Suslov vart medlem i Sovjetunionen sitt kommunistiske parti i 1921. I 1941 vart han medlem av partiet sin sentralkomite. Han var 1944-46 ein av leiarane i Litauen sitt kommunistparti. Frå 1947 til han døydde var Suslov sekretær i sentralkomiteen. Etter to år som redaktør for avisa Pravda var han åra 1952-53 og 1955-82 medlem av partiet sitt viktigaste organ, politbyrået. Frå cirka 1959 vart han rekna mellom partiet sine mest innflytelsesrike personar.

Han er gravlagd ved Kremlmuren, og er ein av berre tolv personar som har fått æra av å ha eit personleg gravmonument der.