Hopp til innhald

Mistberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mistberget
fjell
Mistberget og med freda kulturlandskap, gardstun og vegetasjon i forkant.
Foto: Harry Wad
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Eidsvoll
Høgd 663 moh.
Kart
Mistberget
60°22′35″N 11°09′27″E / 60.37638889°N 11.1575°E / 60.37638889; 11.1575
Wikimedia Commons: Mistberget

Mistberget p 663 moh. er det andre høgaste punktet i Eidsvoll kommune i Akershus - etter Skreikampen i Feiring på 698 moh. - og er synleg frå dei fleste stader i bygda. Mistberget ligg mellom Eidsvoll og Hurdal. Nær toppen finst eit branntårn frå 1938 og ei TV-sendarmast for fjernsyn, radiokringkasting, DABradio, digitalt bakkenett og basestasjon for helseradio.

«Lykkens grube» er ei jerngruve som høyrer til Eidsvoll Jernverk og som ligg ved stien frå Åsleia. Slike gamle skjerp finst mange av med metall som bly, sink, kopar, jern, wolfram, sølv og gull. På Askheim gard finst smaragdgruve og marmor.

Den 7. august 1946 kom ein Douglas C-47A-5-DK frå BEA med 11 passasjerar frå London for lågt inn over Mistberget og gjekk i bakken. Tre av flyet sin totale besetning på fem mista livet momentant, to personar vart alvorleg skadd.[1] Dei overlevande fekk hjelp frå Askheim gård og vart frakta til Stensby sykehus ved Minnesund.

      • Øystein Søbye: Eventyrlige Romerike. Orion forlag 1999.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]