Mons Lid
Utsjånad
Mons Lid | |||
Fødd | 8. april 1896 Noreg | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mars 1967 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Mons Lid (8. april 1896–3. mars 1967) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han blei vald som fast stortingsrepresentant frå Bergen i 1945 og sat på Stortinget til 1949. Mellom 1937-1945 var han vararepresentant.
Frå 1949 til 1955 var Lid fylkesmann i Bergen og Hordaland, ei stilling han også hadde 1956-1966.
Då Einar Gerhardsen danna si tredje regjering 22. januar 1955, blei Lid statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister). Han sat i stillinga fram til 28. desember 1956.
Lid var utdanna postfullmektig, og var forretningsførar i Bergens Arbeiderblad 1938-40. Under krigen og fram til 1948 var han forretningsfører i Bergen Trygdekasse.