Morbihan
Morbihan | |
---|---|
Våpenskjoldet til Morbihan | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 56 |
Region: | Bretagne |
Préfecture: | Vannes |
Sous-préfectures: | Lorient Pontivy |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 42 |
Kommunar: | 261 |
Président du conseil général: | Joseph-François Kergueris |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 32. |
-1999 | 643 873 |
Folketettleik: | 94/km² |
Landareal¹: | 6 823 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Morbihan er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne, og er kalla opp etter ein lukka sjø langs kysten.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Morbihan er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère, Côte-d'Armor, Ille-et-Vilaine og Loire-Atlantique, i tillegg til Atlanterhavet i sørvest.
Morbihanbukta har mange øyar. I følgje segna er det 365, men i røynda mellom 30 og 40 alt etter korleis dei vert telt. Det er òg mange holmar og småøyar som er for små til å byggjast på. Av desse øyane er alle bortsett frå to privateigde, enkelte av dei av filmstjerner og motedesignarar.
Utanfor bukta ligg fire busette øyar:
- Meaban, like utanfor Port du Crouesty er eit fuglereservat der det er forbode å gå i land.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Morbihannais.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Bretonsk språk er ei viktig sak i departementet, og mange krev tospråkleg utdanning.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Steinblokkene i Carnac ligg i Morbihan.