Morten Solem
Morten Solem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. august 1980 (44 år) Trondheim |
Idrett | skihopping |
Morten Solem (fødd 5. august 1980 i Trondheim) er ein tidlegare norsk skihoppar. Han vart noregsmeister i normal bakke i 2001, elles vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i sesongane frå 2000 til 2002. Han var medlem av Trondhjems Skiklubb.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Solem slo gjennom i 2000, då han fekk bronse under NM i normal bakke. Sesongen etter debuterte han i verdscupen under opningsrennet i Kuopio i november månad. I verdscupen hamna han den sesongen eit stykke nede på resultatlistene, til liks med dei andre hopparane på det norske landslaget. Men han vann både gull og sølv i dei to NM-renna. Solems beste plassering i verdscupen kom i januar 2004, då han vart nummer sju i Liberec.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 2001: Nr 12 i Trondheim
- 2002: Nr 21 i Sapporo
- 2004: Nr 7 i Liberec
- 2005: Nr 8 i to renn i Sapporo
- 2006: Nr 12 i Sapporo
- 2007: Nr 8 i Zakopane
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 2000: Bronsemedalje i normalbakken på Vang
- Ski-NM 2001: Gullmedalje i normalbakken i Sprova, sølvmedalje i storbakken i Trondheim
- Ski-NM 2002: Sølvmedalje i normalbakken i Høydalsmo
- Ski-NM 2003: Nr 4 i normalbakken på Lillehammer
- Ski-NM 2004: Nr 4 i storbakken i Oslo
- Ski-NM 2006: Nr 4 i storbakken i Oslo
- Ski-NM 2007: Nr 5 i normalbakken i Molde
Han la opp som aktiv skihoppar i 2007. Deretter var han assistenttrenar for det norske kombinertlandslaget fram til våren 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Morten Solem i fis-ski.com