Hopp til innhald

Mount Sisu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Sisu
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 •  høgd 4 300 moh.
 - koordinatar 78°07′52″S 86°14′20″W / 78.1311°S 86.2388°W / -78.1311; -86.2388
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Sisu
78°07′52″S 86°14′20″W / 78.1311°S 86.2388°W / -78.1311; -86.2388
Mount Sisu is located in Antarktis
Mount Sisu (Antarktis)

Mount Sisu er eit fjell i Antarktis. Fjellet har ei høgd på 4300 meter over havet og ligg i Sentinel Range i Ellsworth Mountains, som òg er staden ein finn den høgaste fjelltoppen i Antarktis, det velkjende Vinson-massivet. Dei to toppane som ligg nærast Mount Sisu er Mount Anderson og Mount Bentley.[1]

Den finske fjellklatraren Veikka Gustafsson og Patrick Degerman var dei første som klatra fjellet, i 1997. Det er kalla opp etter det finske omgrepet sisu, som tyder sterk uthaldenheit. Namnet er ikkje offisielt godkjend av United States Geological Survey[2] og møter heller ikkje organisasjonen sine krav for geologisk nomenklatur i Antarktis.[2]

  1. Damien Gildea (29. januar 2007). «Gildea's Unclimbed Antarctica: Embree ascents» (på engelsk). www.thepoles.com. Arkivert frå originalen 16. februar 2007. Henta 4. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 United States Geological Survey Geographic Names Information System for Antarctican placenames