Hopp til innhald

Musikkgruppa Travis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Travis

Aktiv1995–
Sjangeralternativ rock, folkrock
PlateselskapEpic Records

Travis er eit skotsk rockeband som blei skipa i 1997. Bandet debuterte med britrockalbumet Good Feeling i 1997, som med hjelp av singlane «Happy» og «Tied to the '90s» nådde topp ti på den britiske albumlista. Radiostasjonane spelte ikkje albumet noko særleg, og derfor enda det totale salet på berre 40.000.

Historia var nær ved å gjenta seg med det andre, meir melodiske og melankolske albumet The Man Who frå 1999. Men grunna promosjon via jungeltelegrafen og songen «Why Does It Always Rain On Me?», nådde albumet fyrsteplassen på den britiske albumlista 26 veker etter utgjevinga. Suksessen gjentok seg i 2001 med The Invisible Band og singlane som «Sing» og «Flowers in the Window».

Gruppa sin fjerde studioalbum, 12 Memories, i 2003, med 300.000 selte eksemplar og dårlege meldingar. Etter eit opphald på fire år gav Travis ut det siste albumet sitt, The Boy With No Name, i 2007.[1]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1997: Good Feeling
  • 1999: The Man Who
  • 2001: The Invisible Band
  • 2003: 12 Memories
  • 2007: The Boy With No Name
  • 2013: Where You Stand