Nagoya
Nagoya | |||||
---|---|---|---|---|---|
Inngangen til ein T-bane stasjon i Nagoya. | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Japan | ||||
Bystatus | 1. oktober 1889 | ||||
Borgarmeister | Takashi Kawamura | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 326,430 km² | ||||
Flatevidd - By |
326,45 km2 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
2,258,804 6,919,3/km² | ||||
Koordinatar | 32°47′N 129°52′E / 32.783°N 129.867°E | ||||
Tidssone | UTC + 9 (UTC+9) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.city.nagoya.jp/ | |||||
Plassering | |||||
Nagoya (名古屋市 Nagoya-shi) er den fjerde største byen og det tredje største byområdet i Japan. Byen ligg ved Stillehavskysten i regionen Chūbu på øya Honshu, og er administrativt sentrum for prefekturet Aichi. I 2010 hadde Nagoya 2 258 804 innbyggjarar, men sjølve byområdet med forstadar strekkjer seg inn i provinsane Mie og Gifu og har om lag 9 000 000 innbyggjarar.
Nagoya vart i 1610 gjort til hovudstad i Owari-provinsen, og ei ny borg, Nagoya-jō, blei bygd. Byen byrja å vekse fram rundt eit tempel, men blei etter kvart eit industrielt sentrum med mellom anna keramikk og krut som viktige næringar. Nagoya fekk bystatus [[1oktober 1889.
Nagoya er sentrum for bilindustrien i Japan, og mange selskap har hovudkvarter i byen. Andre viktige næringar er elektronikk og luftfart.
Byen er delt inn i 16 administrative bydelar, såkalla ku (区):