Hopp til innhald

Naima Wifstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naima Wifstrand

Fødd4. september 1890
FødestadKungsholm
Død23. oktober 1968 (78 år)
DødsstadGustav Vasa församling
FødenamnSiri Naima Matilda Wifstrand
OpphavSverige
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
Verka somsongar, komponist, teaterskodespelar, filmskodespelar

Naima Wifstrand (4. september 189023. oktober 1968) var ein svensk skodespelar. Som leiande operettestjerne gjesta ho kring 1920 stadig på Centralteatret i Oslo, mellom anna som Czardasfyrstinnen og Den glade enke. Seinare utvikla ho seg til ein dyktig karakterskodespelar, mellom anna som Mor Aase i Peer Gynt. Ho filmdebuterte i den norske Madame besøker Oslo (1927), men vert best hugsa for dei kraftfulle rollene sine for Ingmar Bergman, mellom anna i Sommarnattens leende (1955), Smultronstället (1957) og Vargtimmen (1968).

«Naima_Wifstrand» i Store norske leksikon, snl.no.