Naupliuslarve
Utsjånad
Naupliuslarven er det første larvestadiet hjå alle krepsdyr. Det består av eit hovud og eit telson ('hale'); thorax og bakkroppen er ikkje utvikla enno. Larven har tre par ekstremitetar han sym med, før han når vaksenstadiet rekk desse å utvikla seg til antennular, antenner og mandiblar. Det faktum at alle krepsdyr startar livet med eit slikt larvestadium er ein viktig indikator for det evolusjonære slektskapet deira.
Som regel lever naupliuslarver planktonisk, men somme storkreps bêr larvane under bakkroppen.