Nederlanda
Nederlanda er ei historisk nemning på området dekt av Nederland, Belgia og delar av Nord-Frankrike i dag. Omgrepet omfattar dei lågtliggande områda rundt elvedeltaet til Rhinen, Scheldt og Meuse. Viktige byar var Liège, Leuven, Mechelen, Antwerpen, Brussel, Ypres, Gent og Utrecht.
Namnet oppstod på 1200-talet. Ettersom det passar dårleg med dagens landegrenser er «Nederlanda» stort sett brukt i historisk samanheng, medan «Benelux», som omfattar Belgia, Nederland og Luxemburg, har teke over i moderne språkbruk.
Landa var bundne saman av nærleik til Nordsjøen og dermed handel, og utviklinga av den første industrien i Europa; produksjon av ullstoff. Innbyggjarane snakka mellomnederlandsk (dietsch) som seinare skulle utvikla seg til nederlandsk, tysk og engelsk.