Hopp til innhald

Nervegift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nervegift er gift som angrip hjernen og andre delar av nervesystemet i kroppen. Nervegift produsert av levande organismar vert kalla neurotoksin. Gifta kan verka gjennom å påverka aksjonspotensialet til nervecellene eller gjennom å verka på signaloverføringa i synapsene. Nervegifter kan ha døyeleg verknad fordi hjernen og nervane vert direkte skadde av gifta, eller fordi nervane vert mellombels bedøvde, slik at viktige kroppsfunksjonar som hjarte og anding stoppar.