Neve Ilan
Neve Ilan | |||
landsby | |||
Namneopphav: Ilanoasen | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Jerusalemkorridoren | ||
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°48′30.23″N 35°4′45.48″E / 31.8083972°N 35.0793000°E | ||
Folketal | 996 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | oktober 1946 (som ein kibbutz) 1971 (som ein moshav) | ||
• Grunnlagd av | Immigrantar frå Europa | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Neve Ilan 31°48′30″N 35°04′45″E / 31.808397222222°N 35.0793°E | |||
Kart som viser Neve Ilan.
| |||
Wikimedia Commons: Neve Ilan | |||
Nettstad: www.neve-ilan.co.il |
Neve Ilan (hebraisk נְוֵה אִילָן) er ein moshav shitufi sentralt i Israel. Han ligg vest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 319. Han var tidlegare ein kibbutz, og er framleis eit medlem av Kibbutzrørsla trass i at statusen er endra til ein moshav.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kibbutz
[endre | endre wikiteksten]Landområdet som Neve Ilan ligg på vart kjøpt av Jewish National Fund frå arabisk effendi frå Abu Ghosh etter at David Ben-Gurion bad om å få oppretta ein «kibbutz hærstilling» for å forsvare Jerusalemvegen.
Dei første 31 innbyggjarane var hovudsakleg frå Frankrike og Europa. Etter ein kort periode i Hadera flytta dei til Neve Ilan i oktober 1946. Busetnaden vart først grunnlagd som ei militær stilling med bunkerar og ammunisjonslager, og innbyggjarane budde i telt, og seinare i to hytter.
Under kampane om vegen til Jerusalem, vart det sett opp ein generator og kantbelysning kring kibbutzen, for å kunne hevde at det låg ein jødisk busetnad der. I starten av den arabisk-israelske krigen i 1948 seint i mai 1948, bomba den jordanske legionen, som var basert i Yalo, Neve Ilan, og førte til store øydeleggingar.
Etter Operasjon Nachshon og kampane om vegen til Jerusalem var over, byrja nybyggjarane å byggje i Neve Ilan. Nybyggjarar frå Frankrike og Algerie slutta seg til dei første nybyggjarane.
I 1956 vart kibbutzen fråflytta, på grunn av økonomiske og sosiale problem.
Moshav
[endre | endre wikiteksten]Seint i 1960-åra sende Young Judeans i Amerika ei gruppe for å opprette ein industrilandsby i Israel. Medlemmane kom tidleg i 1970 og flytta inn heimar bygd av Jewish Agency, og landsbyen vart busett på ny som moshav i 1971.