Ni lyriske poetar
Ni lyriske poetar var ei gruppe poetar frå Hellas i antikken som blei rekna som ein litterær kanon av lærde i Alexandria under hellenismen. Det fanst også ei tilsvarande liste over ti oratorar.[1][2] Talet 9 spegler dei ni musene som ein rekna som inspirasjon for kulturen.
Liste
[endre | endre wikiteksten]Dei ni lyriske poetane var:
- Alkma (600-talet f.Kr.) frå Sparta, korlyrikk
- Sapfo (500-talet f.Kr.) frå Lesbos, monodisk lyrikk
- Alkaios (500-talet f.Kr.) frå Lesbos, monodisk lyrikk
- Anakreon (500-talet f.Kr.) frå Teos, monodisk lyrikk
- Stesikhoros (500-talet f.Kr.) frå Himera, korlyrikk
- Ibykos (500-talet f.Kr.) frå Rhegion, korlyrikk
- Simonides (500-talet f.Kr.) frå Kea, korlyrikk
- Bakkhylides (400-talet f.Kr.) frå Kea, korlyrikk
- Pindaros (400-talet f.Kr.) frå Theben, korlyrikk
Sapfo er den einaste kvinna på lista. Ho er også blitt omtalt som den tiande musa.[3]
Korinna vert iblant rekna med som den viktigaste kvinnelege lyrikaren etter Sapfo.[treng kjelde]
Antipatros frå Thessalonike la fram ein alternativ kanon av ni kvinnelege diktarar.[4]
Lyrikken til dei ni lyriske poetane
[endre | endre wikiteksten]I dei fleste greske kjeldene vert ordet melikos brukt frå melos «song»), medan nokre brukar lyrikos, som seinare vart det vanlege ordet på latin (lyricus) og i moderne språk. Sjangeren vart definert på grunnlag av metrisk form, ikkje innhald. Såleis vil nokre typar diktning som vert rekna som lyrikk i moderne litteraturkritikk ekskluderast, som elegien og iambus.[treng kjelde]
Diktinga til dei ni har tradisjonelt vorte kategorisert anten som korlyrikk eller som monodisk lyrikk. Dette skiljet er stilt spørsmal ved av ein del nyare forskarar.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Levin, Harry (1981). «Core, Canon, Curriculum». College English 43 (4): 352–362. ISSN 0010-0994. doi:10.2307/377120.
- ↑ Kuipers, Christopher M. (2003). «The Anthology/Corpus Dynamic: A Field Theory of the Canon». College Literature 30 (2): 51–71. ISSN 0093-3139.
- ↑ GOSETTI-MURRAYJOHN, ANGELA (2006). «SAPPHO AS THE TENTH MUSE IN HELLENISTIC EPIGRAM». Arethusa 39 (1): 21–45. ISSN 0004-0975.
- ↑ Fernandez Robbio, Matías S. (2014) «Musas y escritoras: el primer canon de la literatura femenina de la Grecia antigua (AP IX 26)». Praesentia, v. 15, 2014, pp. 1-9. ISSN (en línea): 1316-1857. (online)
- ↑ Cf. esp. M. Davies's "Monody, Choral Lyric, and the Tyranny of the Hand-Book" in Classical Quarterly, NS 38 (1988), pp. 52–64.
- Denne artikkelen bygger på «Ni lyriske poeter» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- J. M. Edmonds: Lyra Graeca Wildside Press LLC, 2007 ISBN 1434491307