Hopp til innhald

Nive Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nive Nielsen

Fødd1979 (45 år)
FødestadNuuk, Grønland, Kongeriket Danmark
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv2002–
Verka sommusikar, skodespelar, songar-låtskrivar, filmskodespelar, komponist

Nive Nielsen (fødd 1979) er ein grønlandsk songar, låtskrivar og skodespelar.

Nielsen studerte statskunnskap i Canada.[1] Ho har spelt med bandet The Deer Children.[2]

Ho hadde ein debutopptreden for dronning Margrethe II som blei send på fjernsyn.[3]

Nielsen har vunne ein Vox Pop Independent Music Award i 2009, i 2012 vann ho Kronprinsparrets Stjernedryspris.[4] Ho blei nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2011.[5]

Som skodespelar har ho spelt ei inuittkvinne i filmen The New World frå 2005, der også Colin Farrell. Ho hadde ei hovudrolle i fjernsynsserien The Terror på AMC frå 2018. I denne serien spelte ho ein sjaman som mannskapet på Franklin-ekspedisjonen kalla «Lady Silence».

  • 2009 - Nive Sings! (Tuttu Recordings)
  • 2015 - Feet First

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2018 - The Terror som Lady Silence[6]
  • 2021 - The North Water som Anna[7]
  1. «Stort tema på festival: Musik fra oprindelige folkeslag.», Mynewsdesk (på dansk), henta 30. november 2022 
  2. Terry Macalister (13. september 2010). «The Arctic oil rush». The Guardian. Henta 12. mai 2018. 
  3. About, nivenielsen.com
  4. «Kronprinsparrets Priser 2012». bikubenfonden.dk. 2012. Arkivert frå originalen 14. mai 2018. Henta 13. mai 2018. 
  5. «Nive Nielsen på vej til ny anerkendelse», Sermitsiaq.AG (på dansk), henta 30. november 2022 
  6. «Grønlandsk sanger-skuespiller får stor rolle i Ridley Scotts nye serie over for britiske stornavne» (på dansk). Henta 21. september 2017. 
  7. «Colin Farrell and Jack O’Connell Anchor ‘The North Water,’ a Gripping Story of Villainy at Sea: TV Review» (på engelsk). Henta 5 August 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nive Nielsen