Hopp til innhald

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
70. NM i fotball for menn
Sesong1975
TittelforsvararSkeid
Finaledato20. oktober
VinnarBodø/Glimt (1. tittel)
FinalistVard
FinaleresultatBodø/Glimt - Vard 2–0
ArenaUllevaal Stadion i Oslo
FinaledommarKaare Lindboe
Tilskodarar24 778
1974
1976

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1975 var ei norsk fotballturnering som vart arrangert i 1975. Det var den 70. Noregsmeisterskapen i fotball.

Bodø/Glimt vart noregsmeister ved å slå Vard 2-0 i finalen den 25. oktober. Innbyttaren Sturla Solhaug gav Glimt leiinga i det 70. minutt og Arne Hanssen la på til 2-0 i det 88. minutt. Det var første gong eit lag frå Nord-Noreg spelte (og vann) ein cupfinale. Begge finalistane spelte i 2. divisjon denne sesongen.

Bodø/Glimt sitt vinnarlag: Jon Abrahamsen, Tor Eriksen, Einar Kolstad, Odd Bjørn Kristoffersen, Trond Tiedemann, Arild Olsen, Harald Berg, Jakob Klette, Ove Andreassen, Arne Hanssen og Terje Mørkved. Sturla Solhaug kom inn for Andreassen etter 57 minuttar.

Vard sitt lag bestod av Hans Høie, Leo Austevik, Tor Olav Wiig, Kolbein Oddenes, Per Sønstabø, Egil Severeide, Rune Ottesen, Paul Reine, Åge Risanger, Arne Larsen Økland, Helge Hustvedt. Svein Hammerø kom inn for Hustvedt etter 60 minuttar, medan Ernst Fosen spelte siste fire minuttane i staden for Austevik.

   
   
   
 

Kvartfinalar

[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar

[endre | endre wikiteksten]

Ullevaal Stadion, 26. oktober

Bodø/GlimtVard 2–0

1-0: Sturla Solhaug (70), 2-0: Arne Hanssen (88)

Dommar: Kaare Lindboe