Hopp til innhald

Nurmijärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nurmijärvi (finsk)
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Nyland
Del av Helsingforsregionen
Grunnlagd 1605
Kart
Nurmijärvi
60°27′45″N 24°48′25″E / 60.4625°N 24.806944444444°E / 60.4625; 24.806944444444
Kart som viser Nurmijärvi.
Kart som viser Nurmijärvi.
Kart som viser Nurmijärvi.
Wikimedia Commons: Nurmijärvi

Nurmijärvi er ein kommune i landskapet Nyland i Södra Finlands län. Nurmijärvi har cirka 38 000 innbyggjarar og eit flatemål på 367,32 km². Nurmijärvis sentrum er Nurmijärvi kyrkby, med cirka 7 000 innbyggjarar. Andre tettstader i Nurmijärvi er Klövskog og Rajamäki. Nurmijärvi er heilt finsktalande, ligg berre ein halv time frå Helsingfors og har Esbo, Vanda, Tusby, Hyvinge og Vichtis som naboar.

Nurmijärvi vart eigen kommune i 1605. Forfattaren Alexis Kivi (1834-1872) vart fødd i tettstaden Palojoki. Kommunen har namnet sitt etter innsjøen Nurmijärvi, men han vart delvis drenert i 1920-åra for å skaffe jord til landbruk. I 1950-åra vart han heilt drenert.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Av folkesetnaden er 63 prosent sysselsette innan handel, transport og øvrige tenester, 34 prosent innan industri og bygningsbransjen og 3 prosent innan landbruk. Flest tilsette har Nurmijärvi kommune, Altias, Teknos-Winter och Korsisaari.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]