Olaf Thon
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 1. mai 1966 (58 år) | ||
Fødestad | Gelsenkirchen i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 170 cm | ||
Posisjon | Forsvar, Midtbane | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1983–1988 | Schalke 04 | 157 | (56) |
1988–1994 | Bayern München | 148 | (30) |
1994–2002 | Schalke 04 | 166 | (10) |
Totalt | 471 | (96) | |
Landslag | |||
1983–1984 | Vest-Tyskland U-18 | (4) | |
1984–1985 | Vest-Tyskland U-21 | (2) | |
1984–1998 | Tyskland | 52 | (3) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Olaf Thon (fødd 1. mai 1966) er ein tidlegare tysk fotballspelar frå Gelsenkirchen. Han spelte 52 landskampar for Tyskland og skåra tre gonger. Han spelte for klubbane Schalke 04 og Bayern München. Med Schalke vann han UEFA-cupen i 1997 og tysk cup i 2001 og 2002. Med Bayern München vann han seriemeisterskapen i 1989, 1990 og 1994. Med Tyskland deltok han i VM i 1986, 1990 og 1998 og i EM i 1988.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
- Tysk seriemeister: 1989, 1990 og 1994 med Bayern München
- Tysk cupmeister: 2001 og 2002 med Schalke 04
- Vinnar av UEFA-cupen: 1997 med Schalke 04