Opus citatum
Utsjånad
Op cit er ei forkorting for det latinske uttrykket opus citatum, som tyder «det siterte verket». Utrykket blir brukt i fotnotar for å vise til eit tidlegare referert verk. For å finne kjelda som Op cit refererer til, må ein sjå på tidlegare fotnotar for å finne den aktuelle forfattaren.
Eksempel
[endre | endre wikiteksten]- 9. R. Millan, Art of latin grammar (Academic, New York, 1997), s. 23.
- 10. G. Wiki, Blah and its uses (Blah Ltd., Old York, 2000), s. 12.
- 11. Millan, op. cit., s. 148.
Referanse nummer 11 er til det same verket som referanse nummer 9 (R. Millan, Art of latin grammar), sjølv om sidetalet er eit anna.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Opus citatum» frå Wikipedia på bokmål, den 26. august 2013.