Pablo Picasso av The Modern Lovers
Pablo Picasso Song av The Modern Lovers frå albumet The Modern Lovers | ||
Utgjeve | August 1976 | |
Innspelt | April 1972 | |
Sjanger | Proto-punk[1][2] | |
Lengd | 4:15 | |
Selskap | Beserkley | |
Komponist | Jonathan Richman | |
Tekstforfattar | Jonathan Richman | |
Låtskrivar(ar) | Jonathan Richman | |
---|---|---|
Produsent | John Cale |
«Pablo Picasso» er ein song skriven av Jonathan Richman[3] for protopunk-gruppa The Modern Lovers. Songen vart spelt inn i 1972 i Whitney Studios i Los Angeles, og produsert av John Cale, men kom ikkje ut før i 1976 på det sjølvoppkalla debutalbumet deira. Innspelinga bestod av Richman (sologitar, vokal), Ernie Brooks (andregitar), Jerry Harrison (bass) og David Robinson (trommer), med Cale på repeterande piano.[4]
Den sentrale karakteren i songen er kunstnaren Pablo Picasso.[5] Tørrvittig indikerer teksten at kvinner aldri avviste Picasso sine romantiske framskritt, trass i at han var kort av vekst. «Well he was only five foot three but girls could not resist his stare / Pablo Picasso was never called an asshole / Not in New York». I eit intervju i 1980 sa Richman at songen var inspirert av hans eigne vaksne «sjølvmedvit» med kvinner.[6]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]På plate
[endre | endre wikiteksten]- 1975 – John Cale, på albumet sitt Helen of Troy (gjeve ut før originalen)
- 1979 – Catholic Discipline på albumet Underground Babylon ei samling konsertopptak
- 1984 – Burning Sensations i Repo Man
- 1991 – Phranc-versjonen set inn Gertrude Stein som den sentrale karakteren. Denne kom ut på albumet hennar Positively Phranc
- 1998 – Television Personalities på Don't Cry Baby... It's Only a Movie
- 1999 - The Mentally Ill på albumet Strike the Bottom Red
- 2003 – David Bowie, på albumet sitt Reality; eit konsertopptak frå Riverside Studios, Hammersmith, London den 8. september 2003 kom ut på 'Tour Edition' av Reality
- 2007 – Blue Peter, på albumet deira Burning Bridges, konsertopptak frå 1980
- 2007 – Four Year Beard på albumet Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- 2012 – The Tellers på albumet A Tribute to Repo Man
- 2018 – Jack White live på Spotify Singles[1]
Konsert
[endre | endre wikiteksten]- 1998 Siouxsie - The Creatures med John Cale under den doble amerikanske konsertturneen deira i 1998.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pablo Picasso (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Slingerland, Calum (25. april 2018). «Jack White «Pablo Picasso» (Modern Lovers cover)». Exclaim!. Henta 21. september 2021.
- ↑ Oshinsky, Matthew (25. april 2018). «Jack White Covers The Modern Lovers' «Pablo Picasso»». Paste. Henta 21. september 2021.
- ↑ «ASCAP, ACE Title Search». Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 21. september 2021. Accessed 21. september 2021
- ↑ Mitchell, Tim (1999). There's Something About Jonathan. Peter Owen. s. 50. ISBN 0-7206-1076-1.
- ↑ Allmusic.com «Pablo Picasso» review. Accessed 15. august 2007.
- ↑ http://www.bostongroupienews.com/JonathanRichmanInterview.html
- ↑ «Siouxsie - The Creatures with John Cale - Pablo Picasso». youtube. Henta 2. april 2015.