Pamukkale
Pamukkale | |||
verdsarvstad | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Denizli | ||
Del av | Hierapolis-Pamukkale | ||
Koordinatar | 37°55.23′N 29°07.26′E / 37.92050°N 29.12100°E | ||
Verdsarvstad | |||
Namn | Hierapolis-Pamukkale | ||
År | 1988 (#12) | ||
Nummer | 485 | ||
Region | Europa | ||
Kriterium | iii, iv, vii | ||
Pamukkale 37°55′25″N 29°07′20″E / 37.9236°N 29.1223°E | |||
Wikimedia Commons: Pamukkale | |||
Nettstad: http://whc.unesco.org/en/list/485 |
Pamukkale (tyrkisk for 'bomullsborg') er ein verdsarvstad i provinsen Denizli sørvest i Tyrkia. Det ligg varmekjelder og travertiner i byen, som er terrassar av karbonatmineral som er avsett av rennande vatn.
Den gamle gresk-romerske og bysantinske byen Hierapolis vart bygd på toppen av den kvite «borga», som er kring 2,7 km lang og 600 meter brei og har ei høgd på 160 meter. Ein kan sjå området får åsane ovanom byen Denizli, 20 km unna.
Turisme er og har vore ein stor industri. Folk har bada i dei naturlege bassenga i tusenvis av år. Så nyleg som på midten av 1900-talet vart det bygd hotell over ruinane av Hierapolis, noko som gjorde stor skade. Ein veg vart bygd frå dalen over terrassane og motorsyklar fekk løyve til å køyre opp og ned fjellsida. Då området fekk status som verdsarvstad vart hotella rivne og vegen fjerna og erstatta med kunstige basseng. Det er ikkje lov å ha på sko på terrassane for å verne avsetningane.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Varmekjeldene i Pamukkale
-
Byen Pamukkale ved foten av varmekjeldene
-
Ein hengande kalksteinsvegg i Pamukkale
-
Ein kort video av Pamukkale
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pamukkale» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: