Paul von Hindenburg
Paul von Hindenburg
Paul Ludwig Hans Anton von Beneckendorff und von Hindenburg | |||
| |||
Fødd | 2. oktober 1847 6 Podgórna Street in Poznań | ||
---|---|---|---|
Død | 2. august 1934 | ||
Statsborgar av | Tyskland, Kongedømet Preussen | ||
Parti | partilaus konservativ | ||
Yrke | generalfeltmarskalk | ||
Utdanna ved | Det prøyssiske krigsakademiet | ||
Mor | Luise Schwickart | ||
Far | Robert von Beneckendorff und von Hindenburg | ||
Ektefelle | Gertrud von Sperling | ||
Barn | Oskar von Hindenburg, Irmengard Pauline Louise Gertrud von Brockhusen | ||
Medlem | Corps Saxo-Montania zu Freiberg und Dresden in Aachen | ||
Verv | Rikspresident 1925–1934 | ||
Føregangar | Friedrich Ebert | ||
Alle verv |
Paul von Beneckendorff und von Hindenburg (2. oktober 1847–2. august 1934) var ein tysk generalfeltmarskalk og statsmann. Han var den andre presidenten for Tyskland (Reichspräsident) frå 1925 til han døydde i 1934.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn og tidleg virke
[endre | endre wikiteksten]Hindenburg var fødd i Posen (Poznan) som son av den uradelege prøyssiske offiseren og godseigaren Robert von Beneckendorff und von Hindenburg og kona hans, legedottera Luise, fødd Schwickart.
Etter utdanning ved kadettskulane i dagens Legnickie i Polen og i Berlin, blei Hindenburg offiser i den prøyssiske hæren. Som ung løytnant kjempa han i slaget ved Königgrätz i 1866 under den austerriksk-prøyssiske krigen og deltok i den fransk-prøyssiske krigen 1870-1871. I 1893 blei han regimentssjef, i 1897 generalmajor, 1900 generalløytnant og sjef for 28. infanterifordeling i Karlsruhe, i 1903 sjef for 4. armékorps i Magdeburg, og i 1905 general i infanteriet. Han pensjonerte seg frå hæren i 1911, men vende tilbake til aktiv teneste ved utbrotet av første verdskrigen i august 1914.
Hindenburg gifta seg med Gertrud von Sperling (1860–1921) i 1879. Dei fekk tre born: Irmengard Pauline (1880), Annemaria (1891) og Oskar (1883).
Første verdskrigen
[endre | endre wikiteksten]Etter tyske tilbakeslag i Aust-Preussen i august 1914, like etter utbrotet av den første verdskrigen, blei Hindenburg utnemnd til sjef for 8. tyske armé som kjempa her, med Erich Ludendorff som stabssjef. Dei vann avgjerande sigrar over russarane ved Tannenberg og Dei masuriske sjøane. Hindenburg blei så sjef for alle tyske troppar på austfronten og generalfeltmarskalk. Frå 1916 var han sjef for den tyske generalstaben med Ludendorff som næraste medarbeidar, og verka frå då av særleg på vestfronten. Han tok avskjed i 1919.
Politikar
[endre | endre wikiteksten]I 1925 blei Hindenburg vald til rikspresident som samlingskandidat for dei konservative. Han ville ikkje la seg bruka til ein monarkistisk restaurasjon, og regjerte i samsvar med det skiftende riksdagsfleirtalet. I 1932 blei han gjenvald med knapt fleirtal framfor Adolf Hitler. Han nekta å godta Hitler som rikskanslar, men gjekk med på at han blei visekanslar, noko Hitler avslo. 30. januar 1933 blei Hitler, etter påtrykk frå Franz von Papen, tilboden stillinga som rikskanslar, og snart var makta heilt gått over til han. Hindenburg sat som president til han døydde død. Erindringane hans Aus meinem Leben kom ut i 1920 medan Briefe, Reden und Berichte blei gjeven ut i 1934.
Minne
[endre | endre wikiteksten]Hindenburg blei gravlagd i ein sarkofag i eit stort monument i Tannenberg i Austpreussen. Monumentet blei ødelagd av russarane i 1945, men sarkofagane til Hindenburg og kona hans var blitt frakta derifrå i mars same året. Dei blei gravlagde att i Marburg an der Lahn vest i landet.
Zeppelinaren «Hindenburg» var kalla opp etter han, og Æreskrossen er populært kjend som Hindenburgkrossen.
Skrifter
[endre | endre wikiteksten]- Aus meinem Leben. Hirzel, Leipzig 1920.
- Briefe, Reden, Berichte. Herausgegeben und eingeleitet von Fritz Endres. Langewiesche-Brandt, Ebenhausen 1934.
- Geleitworte schrieb Hindenburg zu Heinrich Beenken (Hrsg.): Was wir verloren haben. Entrissenes doch nie vergessenes deutsches Land. Zillessen, Berlin 1920 und zu Gerhard Schultze-Pfaelzer: Von Spa nach Weimar. Die Geschichte der deutschen Zeitenwende. Grethlein & Co, Zürich 1929.
- Hindenburgs Testament, Verlag von Hoursch & Bechstedt, Köln, o. J., Digitalisat
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Paul Von Beneckendorff Hindenburg» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. juli 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Paul von Hindenburg» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bernhard von Hindenburg: Paul von Hindenburg. Ein Lebensbild. Berlin 1915. Spätere Auflagen unter dem Titel Feldmarschall von Hindenburg.
- Emil Ludwig: Hindenburg und – Die Sage von der deutschen Republik; Amsterdam: Querido Verlag, 1935.
- Andreas Dorpalen: Hindenburg in der Geschichte der Weimarer Republik. Leber, Frankfurt am Main 1966.
- Walther Hubatsch: Hindenburg und der Staat. Aus den Papieren des Generalfeldmarschalls und Reichspräsidenten von 1878 bis 1934. Muster-Schmidt, Göttingen 1966.
- John Wheeler-Bennett: Der hölzerne Titan. Paul von Hindenburg. Wunderlich, Tübingen 1969.
- Wolfgang Ruge: Hindenburg. Porträt eines Militaristen. Berlin (Ost) 1974.
- Werner Maser: Hindenburg. Eine politische Biographie. Moewig, Rastatt 1989, ISBN 3-8118-1118-5.
- Horst Mühleisen: Das Testament Hindenburgs vom 11. Mai 1934, i Vierteljahrshefte für Zeitgeschichte, Band 44, Nr 3, 1996, Juli s. 355–371, ISSN=0042-5702 Online=online, PDF; 7 MB
- Walter Rauscher: Hindenburg. Feldmarschall und Reichspräsident. Ueberreuter, Wien 1997, ISBN 3-8000-3657-6.
- Harald Zaun: Paul von Hindenburg und die deutsche Außenpolitik 1925–1934. Böhlau (zugleich Dissertation, Köln 1998) Köln/Weimar/Wien 1999, ISBN 3-412-11198-8.
- Albert Grzesinski: Im Kampf um die deutsche Republik. Erinnerungen eines Sozialdemokraten. Herausgegeben von Eberhard Kolb. Oldenbourg, München 2001. 2. Auflage 2009, ISBN 978-3-486-59074-6.(Schriftenreihe der Stiftung Reichspräsident-Friedrich-Ebert-Gedenkstätte. Band 9.)
- Jesko von Hoegen: Der Held von Tannenberg. Genese und Funktion des Hindenburg-Mythos (1914–1934.) Böhlau, Köln 2007, ISBN 978-3-412-17006-6.
- Wolfram Pyta: Hindenburg. Herrschaft zwischen Hohenzollern und Hitler. Siedler, München, 2007, ISBN 978-3-88680-865-6.
- Anna von der Goltz: Hindenburg. Power, Myth, and the Rise of the Nazis. Oxford University Press, Oxford 2009, ISBN 978-0-19-957032-4 (Oxford Historical Monographs). (Vgl. hier die Rezension von Wolfgang Kruse in H-Soz-u-Kult, 16. März 2010.)