Peanía
Utsjånad
Peanía Lokalt namn Παιανία | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Attikí |
Koordinatar | 37°57′10″N 23°50′52″E / 37.95278°N 23.84778°E |
Areal | 42,76 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Aust-Attikí |
Hovudsete | Peanía (15 156 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 28 036 (2021[1]) |
Folketettleik | 655.7 /km² |
Peanía (gresk Παιανία), stundom skrive Paeania, er ein forstad til Aten aust for fjellet Ymittós i Hellas. Peanía er ein kommune i periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí og har om lag 28 000 innbyggjarar. Fram til seint på 1900-talet vart han kalla Liópesi.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Peanía
- Glyká Nerá
Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 28 036 innbyggjarar, medan kommunaleininga Peanía hadde 16 159 og tettstaden med same namn 15 156 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Peanía | Peanía | 14 595 | 15 156 |
Glyká Nerá | Glyká Nerá | 11 049 | 11 877 |
Arjithéa | Peanía | 1 024 | 1 003 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert