Pictures of Matchstick Men
Pictures of Matchstick Men Singel av The Status Quo frå albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo | ||
B-side |
«Gentleman Joe's Sidewalk Café» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. januar 1968 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:09 | |
Selskap | Pye (Storbritannia) Cadet Concept (Nord-AMerika) | |
Komponist | Francis Rossi | |
Tekstforfattar | Francis Rossi | |
Låtskrivar(ar) | Francis Rossi | |
Produsent | John Schroeder | |
The Status Quo-kronologi | ||
Pictures of Matchstick Men | «Black Veils of Melancholy» (1968)
|
«Pictures of Matchstick Men» er den første hitsingelen til Status Quo, gjeve ut den 5. januar 1968.
Songen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista, åttandeplassen i Canada og 12. plassen på Billboard Hot 100, og vart den einaste hitsingelen deira i USA.[3][4][5] Opphavleg var det meininga at B-sida til singelen, «Gentleman Joe's Sidewalk Cafe», skulle vere A-sida.
Det finst to versjonar av songen, ein i stereo og ein i mono, som har større skilnader. Monoversjonen, som var den originale singelversjonen, har ein wah-wah-gitar i mellomspelet mellom versa, medan stereoversjonen ikkje har denne.
Songen opnar med ein enkel gitartone som spelar eit riff på fire notar, før bass, rytmegitar, trommer og vokal kjem inn. «Pictures of Matchstick Men» er ein av fleire songar frå seint i 1960-åra som brukar phasing-effekt. Den neste singelen til bandet, «Black Veils of Melancholy», var liknande, men selde dårleg.[6]
Camper Van Beethoven-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Pictures of Matchstick Men Singel av Camper Van Beethoven frå albumet Key Lime Pie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1989 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Selskap | Virgin | |
Komponist | Francis Rossi | |
Tekstforfattar | Francis Rossi | |
Låtskrivar(ar) | Francis Rossi |
---|
I 1989 fekk Camper Van Beethoven ein hit på den amerikanske Billboard's Modern Rock Tracks-lista med ein versjon frå albumet Key Lime Pie. Eit av instrumenta på denne versjonen er ein fiolin.[7] Denne versjonen vert spelt mot slutten av Ray Donovan-episode 7 i sesong 5.[8]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre som har spelt inn songen er mellom andre Ozzy Osbourne og Type O Negative i 1997 for filmen Private Parts.
I 2002 gav Death in Vegas ut «Scorpio Rising» som kom med eim remiksa instrumentalversjon av «Pictures of Matchstick Men».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pictures of Matchstick Men» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2018.
- ↑ DeRogatis, Jim (2003). «Ten Great Psychedelic Rock Songs». Turn On Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Hal Leonard Corporation. s. 162. ISBN 0-634-05548-8.
- ↑ Prown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists (4th utg.). Hal Leonard Corporation. s. 113. ISBN 0-7935-4042-9.
- ↑ «BBC - Music / Profiles - Status Quo». BBC. British Broadcasting Corporation. 2006. Arkivert frå originalen 10. oktober 2006. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ «The enduring appeal of Status Quo». BBC News. British Broadcasting Corporation. 9. desember 2005. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ staff (12. november 2008). «Cue The Quo». Aberdeen Press and Journal (Aberdeen, Scotland: Aberdeen Journals). OCLC 29379669. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ Rawlings, Terry (1. november 2002). Then, Now and Rare British Beat 1960-1969 (illustrated utg.). London, England: Omnibus Press. ISBN 9780711990944. OCLC 50272043. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ Akamatsu, Rhetta (11. februar 2014). «Music Review: Camper Van Beethoven – Key Lime Pie [Reissue]».
- ↑ Tallerico, Brian (24. september 2017). «Ray Donovan Recap: Confessions». Vulture. Henta 15. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1967
- Singlar frå 1968
- Status Quo-songar
- Debutsinglar frå 1968
- Pye Records-singlar
- Songar skrivne av Francis Rossi
- Songar på toppen av Billboard Alternative Songs-lista
- Songar produserte av John Schroeder)
- Britiske psykedeliske rockesongar
- Singlar frå 1989
- Psykedeliske popsongar
- Virgin Records-singlar
- Cadet Records-singlar