Pitta
Pitta | |
Grønbrystpitta, Pitta reichenowi og Praktpitta, Pitta angolensis Foto: Illustrasjon Herbert Goodchild, 1903, Public domain
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Tyranni |
Familie: | Pittaer Pittidae |
Slekt: | Pitta Vieillot, 1816 |
Pitta er ei biologisk slekt av fuglar i familien Pittidae som lever i eit belte frå Afrika gjennom India, søraustlege Asia, Ny-Guinea og til Australia. Dette er sky, fargerike fuglar som beitar på skogbotnen. Dei er langbeinte og korthala med avrunda venger.[1] Begge foreldra tar del i reirbygging, ruging og oppseding av ungane.[2] Rugetida er rundt 17 dagar, og ungane er nakne og hjelpelause ved klekking.[2]
Ei gruppe av ca. 50 artar neotropiske fuglar, maurpittaer, liknar pittaer med sin hoppande gangart, åtferd i løynd, med lange bein og korte halar.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Slekta Pitta inneheld 14 artar, fordelt frå Afrika til Australia, gjennom sørlege, austlege og søraustlege Asia, Ny-Guinea, og Salomonøyene. Dette var tidlegare den einaste slekta i familien, som då innehelt 31 artar.[1] Men etter ein studie frå 2006 blei to andre slekter, Erythropitta og Hydrornis, skilde ut, sjølv om alle medlemmer av familien heldt fram å vere kjente som pittaer.[3]
Slekta Pitta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
- Praktpitta, Pitta angolensis, African Pitta, LC, Vieillot, 1816
- Grønbrystpitta, Pitta reichenowi, Green-breasted Pitta, LC, Madarász, 1901
- Indiapitta, Pitta brachyura, Indian Pitta, LC, Linné, 1766
- Båvengpitta, Pitta moluccensis, Blue-winged Pitta, LC, Müller, 1776
- Nymfepitta, Pitta nympha, Fairy Pitta, VU, Temminck & Schlegel, 1850
- Hettepitta, Pitta sordida, Hooded Pitta, LC, Müller, 1776
- Asurpitta, Pitta steerii, Azure-breasted Pitta, VU, Sharpe, 1876
- Palettpitta, Pitta versicolor, Noisy Pitta, LC, Swainson, 1825
- Kvitbrystpitta, Pitta maxima, Ivory-breasted Pitta, LC, Müller & Schlegel, 1845
- Elegantpitta, Pitta elegans, Elegant Pitta, LC, Temminck, 1836
- Salomonpitta, Pitta anerythra, Black-faced Pitta, VU, Rothschild, 1901
- Mangrovepitta, Pitta megarhyncha, Mangrove Pitta, NT, Schlegel, 1863
- Satengpitta, Pitta superba, Superb Pitta, EN, Rothschild & Hartart, 1914
- Irispitta, Pitta iris, Rainbow Pitta, LC, Gould, 1842
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pitta» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2014.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Zimmerman, Dale A.; et al. (1999). Birds of Kenya and Northern Tanzania. Princeton University Press. s. 495. ISBN 0691010226.
- ↑ 2,0 2,1 Tarboton, Warwick (2001). A Guide to the Nests and Eggs of Southern African Birds. Cape Town: Struik. s. 141. ISBN 1-86872-616-9.
- ↑ Irestedt, M., Ohlson, J. I., Zuccon, D., Källersjö, M. & Ericson, P. G. P. (2006). «Nuclear DNA from old collections of avian study skins reveals the evolutionary history of the Old World suboscines (Aves: Passeriformes)» (PDF). Zoologica Scripta 35: 567–580. doi:10.1111/j.1463-6409.2006.00249.x.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 20. oktober 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)