Piz Buin
Piz Buin | |||
fjell | |||
Utsyn frå Ochsentalerbreen, juli 2001
| |||
Land | Austerrike, Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Silvretta | ||
Høgd | 3 312 moh. | ||
Primærfaktor | 544 m ↓ mot Fluchthorn | ||
Koordinatar | 46°50′44″N 10°07′11″E / 46.84556°N 10.11972°E | ||
Lettast tilkomst | brevandring og snøklatring | ||
Førstestiging | I. A. Specht | ||
- dato | 1865 | ||
Piz Buin 46°50′39″N 10°07′08″E / 46.84412°N 10.11889°E | |||
Kart som viser Piz Buin.
| |||
Wikimedia Commons: Piz Buin |
Piz Buin er det høgaste fjellet i Vorarlberg i Austerrike og ein av dei høgaste toppane i fjellkjeda Silvretta, der det høgaste er Piz Linard (3 410 m).
Det opphavlege namnet på språket retoromansk i den sveitiske kantonen Graubünden er Piz Buin Grand. Ein svært lik fjell topp i nærleiken er kalla Piz Buin Pitschen, og har same forma, men er litt lågare (3 255 m).
Ein kan nå Piz Buin frå Wiesbadener-hytta i Austerrike, krysse Vermuntbreen, klatre opp Wiesbadener-ryggen og så gå over Ochsentalerbreen til Buin-brotet. Frå brotet kan ein gå i sikksakk oppover til toppen der ein berre må overkomme ein 20 meter bratt skråning før ein kjem heilt til topps. Her finn ein eit gamalt trekors. Grensa mellom Sveits og Austerrike kryssar toppen frå aust mot vest.
Namnet Piz Buin er også brukt som varemerke av eit solkremfirma, som har hovudkvarter i Vorarlberg, og som er kjend over heile verda.