Hopp til innhald

Programmeringsspråket R

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
R


SkaparRobert Gentleman, Ross Ihaka
Utgjeveaugust 1993[1]
Nyaste versjon4.4.1 (14. juni 2024)[2]
OperativsystemGNU/Linux, BSD, macOS, Microsoft Windows
Skriven iC, Fortran, R
Typecomputational statistics, datavitskap, programmering, creating, datavisualisering, analyse, visuell analyse, berike, datavask
LisensGPLv2
Nettstadhttps://www.r-project.org

R er eit programmeringsspråk og system for statistiske berekningar og grafikk som opphavleg vart utvikla av Ross Ihaka og Robert Gentleman ved University of AucklandNew Zealand. I motsetnad til andre program for statistiske berekningar som til dømes SPSS, Statistica og Stat-A, er brukargrensesnittet ikkje primært grafisk; styringa av berekningane føregår ved at ein skriv kommandoar. Modellen for språket var programmeringsspråket S som vert nytta i statistikkpakken S-Plus, som er ein kommersiell programpakke. (S-plus har òg eit menybasert grafisk brukargrensesnitt.) I dag vert R vidareutvikla som R Project av R Development Core Team under The R Foundation. Namnet på systemet har dels bakgrunn i den første bokstaven i førenamnet til dei opphavlege utviklarane og er dels eit spel på namnet til modellen «S».

R har etter kvart vorte ein de facto-standard for utvikling av statistiske teknikkar. Programmeringsspråket er sterkt objektorientert. Det er svært fleksibelt, særleg fordi det finst tilgjengeleg ei særs stor mengd (meir enn 5000) meir spesialiserte «pakkar» (packages) som kan leggjast til den grunnversjonen av systemet ein får ved den første installasjonen. Kvar av desse tilleggspakkane består vanlegvis av eit sett spesialiserte funksjonar med tilhøyrande datasett og dokumentasjon. Ein kan difor skreddarsy sin eigen versjon av systemet etter som det trengst.

I bruksmåte skil R (og S) seg òg frå statistikkpakkene nemnt ovanfor ved at ein har eit (eller fleire) arbeidsområde (workspace) som kan innehalda tidlegare resultat, eigne funksjonar, og datasett.

Kjeldekoden til R er fritt tilgjengeleg under GNU General Public License. Det finst ferdig kompilerte utgåver for Mac, Windows og dei fleste Unix-variantane.

  1. «R : Past and Future History» (PDF). Henta 2. september 2021. 
  2. «R 4.4.1 is released» (på engelsk). 14. juni 2024. Henta 15. juni 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]