Provinsen Chieti
Utsjånad
Chieti | |||
provins | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Abruzzo | ||
Hovudstad | Chieti | ||
Postnummer | 66010-66054 | ||
Retningsnummer | 085, 0781, 0862, 0871, 0872, 0873 | ||
Bilnummer | CH | ||
Provinsen Chieti 42°21′00″N 14°10′00″E / 42.35°N 14.166666666667°E | |||
Kart som viser Provinsen Chieti.
| |||
Wikimedia Commons: Province of Chieti |
Provinsen Chieti (italiensk Provincia di Chieti) er ein provins i regionen Abruzzo i Italia. Hovudstaden er byen Chieti.
Han har eit areal på 2 588 km² og totalt 381 993 innbyggjarar (2001). Det er 104 kommunar i provinsen.
Byen Chieti ligg på ein rygg langs elva Pescara, der mellom anna det høge klokketårnet San Giustino er eit kjent landemerke. Byen ligg eit par kilometer frå Adriahavet med fjella Majella og Gran Sasso i bakgrunnen. Chieti var ein romersk by kalla Teate og var ein viktig by i mellomalderen.
Største kommunane
[endre | endre wikiteksten]Stand: 1. januar 2009
Kommune | Ibuartal |
---|---|
Chieti | 54 733 |
Vasto | 39 376 |
Lanciano | 36 569 |
Francavilla al Mare | 24 262 |
Ortona | 23 876 |
San Salvo | 18 932 |
San Giovanni Teatino | 11 648 |
Atessa | 10 769 |
Guardiagrele | 9 599 |
Casalbordino | 6 461 |
Fossacesia | 6 204 |
Casoli | 5 973 |
San Vito Chietino | 5 242 |
Bucchianico | 5 133 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Chieti» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2007.