Qiam-1
Utsjånad
Qiam-1 ('Oppreist-1') er eit iransk ballistisk kortdistansemissil som nyttar flytande drivstoff. Missilet er 11,5 meter langt og kan bera ei nyttelast på 750 kilogram opptil 700-800 kilometer.[1]
Missilet vart nytta då Iran i 2020 gjekk til åtak på Al Asad flystasjon i Irak og dei amerikanske styrkane der som hemn etter drapet på Qasem Soleimani.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Qiam-1». Missile Threat, Center for Strategic and International Studies. Henta 1. januar 2021.
- ↑ «Iran missile attack: Did Tehran intentionally avoid US casualties?» - BBC