Hopp til innhald

Rakkestad Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rakkestad Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Rakkestad i Østfold. Rakkestad IF vart stifta 11. november 1914. Idrettslaget er aktivt med i fotball, handball, innebandy, skøyter og turn. Tidlegare var også friidrett ein lagsaktivitet.

Laga til Rakkestad IF spelar i lyseblått og med kvite bukser.

Skøyteløparen Sigrid Sundby var den fremste utøvaren til Rakkestad IF. I 1960-åra hadde laget friidrettsutøvarar som hevda seg nasjonalt, mellom dei Mikael Schie, Arild Bredholt og Ivar Bredholt.

I 1961 arrangerte Rakkestad IF noregsmeisterskapen i skøyter for kvinner.