Reidun Aune
Reidun Aune | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. august 1915 |
Død |
12. august 2004 (88 år) |
Yrke | dokkespelar |
Reidun Aune (29. august 1915–12. august 2004) var ei norsk motstandskvinne, musikkpedagog, dokketeaterarbeidar, brukskunstnar, kulturarbeidar og freds- og miljøaktivist frå Trondheim. Ho arbeidde som musikklærar ved Norges lærerhøgskole.
Motstandskvinne
[endre | endre wikiteksten]Under andre verdskrig var Aune knytta til gruppa til kompani Linge Lark, som via radio gav London etterretningar frå Trondheim. Ho opererte som kurér, og mottok deltakarmedaljen i 2000.
Aune var aktiv motstandar av atomvåpen, og deltok i fredsmarsjen til Paris i 1981. Ho deltok òg i demonstrasjonane i Stilla under Alta-konflikten i 1981. For det siste vart ho dømd til ei fengselsstraff på 60 dagar.[1]
Dokketeater
[endre | endre wikiteksten]I 1968 skipa Aune eit dokketeater i Trondheim saman med Vibeke Helgesen. I byrjinga måtte dei fleire gongar flytte til nye lokale, inntil dåverande teatersjef ved Trøndelag Teater, Arne Aas, let dei få tilhald på biscena til Trøndelag Teater.[2] Dokketeaterførestillingane vart spela som såkalla «morgonteater», for eit publikum som gjerne bestod av barn frå barnehagane og småskuleklassene rundt om i byen. Førestillingar på repertoaret var blant anna det grønlandske eventyret Nuniak og den store hvalen, som også vart vist på NRK barne-tv.[2]
Hausten 1971 arrangerte Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum ei utstilling av samisk brukskunst (duodji). I samband med utstillinga oppførte Aune dokketeater basert på ei samisk forteljing. Førestillinga vart svært godt motteken.[2]
I Trondheim var Aune også kjend for det årlege julespelet med dokker, som i hennar tid vart framført i meir enn femti år. «Det gamle Christi Fødselsspill» har opphav frå Tyskland på 1500-talet, og er omarbeidd scenisk og dramaturgisk av Aune.[3] Versjonen til Aune vart fyrst oppført i Oppdal i 1948, med levande skodespelarar og periodemusikk. Noko seinare laga Aune dokker til stykket, og var ansvarleg for årlege oppføringar i Trondheim. Aune dreiv også barneorkester, var danseinstruktør ved Spelet om Heilag Olav og engasjert på vegner av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Trøndelag Folkemuseum.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Aune var æresmedlem av Studentersamfundet i Trondheim, og mottok Teskjekjerringprisen i 1978.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Reidun Aune | Trondheim.no», www.trondheim.no, henta 16. mars 2023
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Vibeke Helgesen (kapittelforfatter) (1974). «Dukketeater i Norden : en oversikt over utviklingen og aktiviteten i Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige». urn.nb.no (på norsk). Henta 5. januar 2018. «Dukketeater i Norge»
- ↑ «NRK TV - Se Christi Fødselsspill | Gudstjeneste fra Nidarosdomen». NRK TV - Gudstjeneste (på norsk). 27. desember 1989. Henta 25. oktober 2018. «Det gamle julespillet fra Schwaben framført av Reidun Aunes Dokketeater og Lita Gjerdings Englekor.»
- Denne artikkelen bygger på «Reidun Aune» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Reidun Aune hos Sceneweb
- (no) Christi Fødselsspill med Reidun Aunes Dokketeater og Lita Gjerdings Englekor – gudsteneste frå Nidarosdomen, sendt av NRK Fjernsynet 27. desember 1989