Hopp til innhald

Rekursjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rekursjon i matematikk er å definere eit omgrep eller løyse eit problem ved å utnytte resultat som har framkome tidlegare i prosessen.

Ein rekusjonsformel er ein matematisk formel som uttrykker ein storleik ved hjelp av verdien av dei storleikane som tidlegare er utrekna.

Innan IT er rekursjon ein programmeringsmetode der ein kan oppnå elegante og effektive løysingar ved å la ein rutine kalle seg sjølv. Språk som LISP og Prolog er særskild konstruerte for å bruke rekursjon.