Revivim
Revivim | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Ramat HaNegev | ||
Koordinatar | 31°2′37.01″N 34°43′16.38″E / 31.0436139°N 34.7212167°E | ||
Folketal | 1 094 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 7. juli 1943 | ||
• Grunnlagd av | Europeiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Revivim 31°02′37″N 34°43′16″E / 31.043613888889°N 34.721216666667°E | |||
Kart som viser Revivim.
| |||
Wikimedia Commons: Revivim |
Revivim (hebraisk skrift רְבִיבִים, tyder 'Regnbyer') er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg kring ein halvtime sør for Beersheba og høyrer til Ramat HaNegev regionale kommune. Han har eit folketal på kring 800.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Samfunnet vart danna i 1943 i Rishon LeZion med hjelp av den britiske regjeringa og unge immigrantar frå Austerrike, Italia og Tyskland, som alle var medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed og som hadde fått opplæring ved kibbutzen Givat Brenner. Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 7. juli 1943 som ein av Dei tre utkikkspunkta, og heitte først Tel HaTzofim (tyder Speidaråsen). Han fekk seinare namnet Revivim av Berl Katznelson etter magasinet der Yosef Haim Brenner var redaktør (og som Givat Brenner vart kalla opp etter). Namnet er òg henta frå Bibelen og Salme 65:11: «Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde.»[2]
Nær kibbutzen står Mizpe Revivim (tyder Revivim-utkikken), eit museum som syner historia til «utkikkspunktet» og hendingane under den arabisk-israelske krigen i 1948 nord i Negev.[3]
Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]- Golda Meir, seinare statsminister i Israel
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Revivim» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.400, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
- ↑ Here You'll find more information about Mizpe Revivim.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2007-10-26 ved Wayback Machine. (he)
- Revivim Arkivert 2016-01-26 ved Wayback Machine. Negev.net