Ribbemaneter
Utsjånad
Ribbemaneter | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Rekkje: | Ribbemaneter Ctenophora Eschscholtz, 1829 |
Ribbemaneter eller kammaneter (Ctenophora) er ei gruppe radiærsymmetriske dyr som lever i hava rundt om i verda. I lag med nesledyra, som dei er nært skylde, vert dei rekna som dei mest primitive sanne dyra.
Ribbemanetene er planktoniske, frittlevande og stort sett pelagiske. Dei har som oftast ei krukke- eller eggforma og geléaktig manetform, og er vanlegvis særs skjøre.
Den fyrste sekvenseringa av genomet til ein ribbemanet, Mnemiopsis leidyi, vart publisert i 2013.[1]
I Noreg er vanlege artar sjøstikkelsbær, lobekammanet og agurkkammanet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«ribbemaneter» av Lauritz S. Sømme i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. april 2017.
- ↑ Ryan, J. F.; et al. (13. desember 2013). «The Genome of the Ctenophore Mnemiopsis leidyi and Its Implications for Cell Type Evolution». Science 342 (6164): 1242592. PMID 24337300. doi:10.1126/science.1242592.