Rojalisme
Utsjånad
Rojalisme er det å støtte ein spesiell monark som statsoverhovud for eit særskilt monarki, eller eit spesielt dynastisk krav. Dette skil seg i prinsippet frå monarkisme, som er støtte til eit monarkisk styre, men ikkje nødvendigvis ein spesiell monark. Oftast er termen rojalisme bruka om støtte til eit eksisterande monarkisk regime eller eitt som nyss har vorte styrta for å opprette ein republikk.
Meir spesifikt kan termen historisk bli bruka om for eksempel:
- Dei som støtta kong Charles I og sidan kong Charles II under den engelske borgarkrigen.
- Dei som støtta kongehuset Bourbon under og etter den franske revolusjonen.
- Lojalistar under den amerikanske revolusjonen, det vil seie dei som ikkje støtta lausrivinga frå Storbritannia og opprettinga av republikken.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Royalist frå Engelsk Wikipedia .