Rolf Nevanlinna
Rolf Nevanlinna | |||
| |||
Fødd | Rolf Neovius 22. oktober 1895 Joensuu | ||
---|---|---|---|
Død | 28. mai 1980 Helsingfors | ||
Nasjonalitet | Finland | ||
Område | matematikk, kompleks analyse | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Helsingfors universitet Eidgenössische Technische Hochschule Zürich Åbo universitet | ||
Alma mater | Helsingfors universitet Helsingin Suomalainen Yhteiskoulu | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernst Leonard Lindelöf | ||
Ektefelle | Sinikka Kallio | ||
Barn | Arne Nevanlinna, Harri Nevanlinna | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Kungliga Vetenskapsakademien Det finske vitskapsakademiet Akademie der Wissenschaften der DDR Det ungarske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Rolf Herman Nevanlinna (fødd 22. oktober 1895 i Joensuu, død 28. mai 1980 i Helsingfors) er kanskje den mest kjende finske matematikaren. Han er særleg kjent for arbeidet sitt med teori om funksjonar, Nevanlinna-teorien. I tillegg var han særs opptatt av kultur og politikk. Han var ein aktiv medlem av det finske nasjonalistiske partiet IKL og av den finske pro-tyske rørsla. Nevanlinna var òg ein talentfull amatørmusikar.
Han var professor i Helsingfors frå 1926 og var rektor ved Helsingfors universitet frå 1941 til 1945. Frå 1948 hadde han ei forskarstilling ved Det finske akademiet. Han fekk tilbodet om fleire utanlandske professorat, men oppheldt seg i Helsingfors heile livet, bortsett frå kortare besøk.
I 1981 vart det oppretta ein matematikkpris i hans namn, Rolf Nevanlinna-prisen, som vert delt ut kvart fjerde år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rolf Nevanlinna» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2011.