Royal Scottish National Orchestra
Royal Scottish National Orchestra | |||
| |||
Opphav | Skottland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1891– | ||
Sjanger | klassisk musikk |
Royal Scottish National Orchestra (RSNO) er det nasjonale symfoniorkesteret i Skottland. Det 89 medlemmer store profesjonelle orkesteret har base i Glasgow, men gir òg konsertar i Edinburgh, Aberdeen og Dundee og utanlands. Det blei danna i 1891 som Scottish Orchestra og har spelt på fulltid siden 1950, då det tok namnet Scottish National Orchestra. Det fekk kongeleg vern i 1977, og byrja kort tid etter utnemninga å bruka tittelen Royal Scottish Orchestra før det noverande namnet blei fastsett i 1991.[1]
Under den fyrste skotskfødde og lengst tenande dirigenten sin, sir Alexander Gibson, byrja orkesteret å utvikla ein internasjonal profil. Gjennom spesialitetane til Gibson blei orkesteret kjent for tolkingar av skandinaviske komponistar, mellom anna Jean Sibelius og Carl Nielsen. Dette fortsette i dirigenttida til Neeme Järvi, som òg spesialiserer seg i Skandinavia. Han leia òg orkestret gjennom den fyrste komplette Gustav Mahler-syklusen sin. Den andre skotten som leia orkesteret, Bryden Thomson, førte vidare den nordiske relasjonen med oppføringa av Nielsensymfoniar.
Sjefsdirigentar
[endre | endre wikiteksten]- George Henschel (1893-1895)
- Willem Kes (1895-1898)
- Wilhelm Bruch (1898-1900)
- Frederic Cowen (1900-1910)
- Emil Młynarski (1910-1916)
- Landon Ronald (1916-1920)
- Václav Talich (1926-1927)
- Vladimir Golschmann (1928-1930)
- John Barbirolli (1933-1936)
- Warwick Braithwaite (1940-1946)
- George Szell (1937-1939)
- Walter Susskind (1946-1952)
- Karl Rankl (1952-1957)
- Hans Swarowsky (1957-1959)
- Sir Alexander Gibson (1959-1984)
- Neeme Järvi (1984-1988)
- Bryden Thomson (1988-1990)
- Walter Weller (1991-1996)
- Alexander Lazarev (1997-2005)
- Stéphane Denève (2005–2012)
- Peter Oundjian (2012–2018)
- Thomas Søndergård (2018–)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Royal Scottish National Orchestra» frå Wikipedia på dansk, den 19. april 2023.