Rudolf E. Peierls
Rudolf E. Peierls (fødd 5. juni 1907 i Berlin, død 19. september 1995 i Oxford, England) var ein tysk-fødd britisk fysikar.
Rudolf Peierls hadde ei viktig rolle i det kjernefysiske programmet til Storbritannia, men han hadde òg ei rolle i mange moderne vitskaplege program. Han studerte på eit Rockefeller-stipend ved Cambridge University då Adolf Hitler kom til makta i heimlandet Tyskland. Han fekk løyve til å bli verande i Storbritannia og han arbeidde i Manchester med ein organisasjon for flyktningar. I 1963 byrja han som professor ved University of Oxford.
Peierls pensjonerte seg frå stillinga si ved Oxford University i 1974. Han skreiv fleire bøker, inkludert Quantum Theory of Solids, The Laws of Nature (1955), Overraskelser i Teoretisk fysikk (1979), oppfølgjaren, Flere overraskelser i Teoretisk fysikk (1991) og sjølvbiografien sin, Bird of Passage (1985). Peierls vart utnemnd til kommandør i Order of British Empire i 1945 og vart adla i 1968. Han vart tildelt Lorentzmedaljen i 1962, og i 1980 mottok han Enrico Fermi Award frå styresmaktene i USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rudolf E. Peierls» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Selected Scientific Papers of Sir Rudolf Peierls, edited by R H Dalitz & Sir Rudolf Peierls, World Scientific Series in 20th Century Physics, Volume 19, 1997.
- Sir Rudolf Peierls: Selected Private and Scientific Correspondence Volume 1, by Sabine Lee (University of Birmingham, UK).
- Pictures Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. in the National Portrait Gallery, London.
- Annotated bibliography for Rudolf Peierls from the Alsos Digital Library for Nuclear Issues Arkivert 2017-08-14 ved Wayback Machine.
- Rudolf Peierls own biographical notes from Los Alamos National Laboratory as a pdf
- Einskildmenn
- Fødde i 1907
- Døde i 1995
- Britiske fysikarar
- Folk tilknytte Manhattanprosjektet
- Order of the British Empire
- Medlemmar av Royal Society
- Britiske jødar
- Enrico Fermi-prisen
- Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet
- Tyske fysikarar
- Tyske jødar
- Tyske flyktningar
- Jødiske flyktningar
- Det kjernefysiske programmet i Storbritannia
- Copleymedaljen
- Lorents-medaljen
- Royal Medal
- Max Planck-medaljen