Sør-Ossetia
Sør-Ossetia | |||
sjølvstyrt område | |||
Land | Georgia | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 900 km² | ||
Folketal | 53 532 (2015)[1] | ||
Sør-Ossetia 42°13′30″N 43°58′12″E / 42.225°N 43.97°E | |||
Kart over Sør-Ossetia.
| |||
Wikimedia Commons: South Ossetia |
Sør-Ossetia[a] er ein de facto sjølvstendig republikk, som ikkje er anerkjend av nokre land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ei mellombels administrativ eining[2] styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilisi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten.[3] Sør-Ossetia var ein autonom oblast i Georgia då det var ein del av Sovjetunionen.
Sør-Ossetia har eit areal på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvekslande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området, er Tskhinvali.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sør-Ossetia ligg på sørsida av Store Kaukasus, som skil området frå det meir folkesette Nord-Ossetia i Russland, og strekkjer seg sørover til elva Kura i Georgia. Området er fjellkledd og ein større del av området ligg over 1 000 meter over havet.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://cominf.org/node/1166509275.
- ↑ «Civil.Ge | Parliament Sets Up S.Ossetia Provisional Administration», old.civil.ge, henta 1. januar 2022
- ↑ «Civil.Ge | Some Details on ‘S.Ossetia Administration’ Emerge», old.civil.ge, henta 1. januar 2022