Hopp til innhald

SSD-minne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne 2.5 "-SSD brukt i bærbare og stasjonære datamaskiner.
mSATA SSD

SSD-minne eller solid state drive er eit elektronisk lagringsmedium som bruker flashminne istaden for magnetiske plater til å lagre data.

I SSD-minne går lesing og skriving av data raskare enn med eit tradisjonelt platelager, særleg når dataene som skal lesast/skrivast ikkje ligg samla og sekvensielt på disken. I tillegg har ikkje SSD mekaniske komponentar som lagringsplater og lese/skrive-armar, og derfor bruker dei vesentleg mindre energi enn dei tradisjonelle platelagera.

Per juni 2013 fekk ein kjøpt SSD som kan lagre eit hundretals GB med data, mens platelager kan lagre fleire TB. Dei er i dag langt dyrare enn platelager per byte.