Hopp til innhald

Sabarmati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sabarmati
elv
Land  India
Statar Gujarat, Rajasthan
Kart
Sabarmati
22°18′00″N 72°22′00″E / 22.3°N 72.366666666667°E / 22.3; 72.366666666667
Wikimedia Commons: Sabarmati River

Sabarmati er ei av dei store elvane som renn vest i India.[1] Ho har opphav i Aravallifjella i Udaipur distrikt i Rajasthan, og renn ut i Khambhatgolfen i Det arabiske havet. Elva har eit løp på 371 km som går sørvestover gjennom Rajasthan og Gujarat.[1] 48 km av elva går gjennom Rajasthan, medan 323 km høyrer til Gujarat.[1]

Byane Ahmedabad og Gandhinagar, høvesvis den kommersielle og den politiske hovudstaden i Gujarat, ligg ved elva. Mahatma Gandhi grunnla ein ashram, Sabarmati Ashram, ved bustaden sin ved breidda av elva.[2]

Sabaramti og bielvane hennar er demde opp fleire stader. Dharoi-demningen på Sabarmati ligg nær Dharoi i Mehsana distrikt nordi Gujarat. Demningen blei bygd i 1978 for å kontrollera vassføring - danna hydroelektrisitet, hindra flaum og bidra til kunstig vatning.[3]

  1. 1,0 1,1 1,2 Water Year Book 2011-12: Mahi, Sabarmati & Other West Flowing Rivers (PDF). Gandhinagar: Central Water Commission. 2012. s. 14. Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2017. Henta 14. mars 2019. 
  2. «Sabarmati Ashram History». 
  3. «Dharoi dam brimming over». The Times of India. September 2, 2011. Arkivert frå originalen 29. juni 2013. Henta 10. april 2013.