Seglarar
Seglarar | |
Tårnseglarar Apus apus Foto: Tomasz Kuran
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Seglarar Apodidae Hartert, 1897 |
Seglarar er ein familie, Apodidae, av insektetande fuglar som er særs godt tilpassa eit liv i lufta. Dette er små, straumlinjeforma fuglar, ca. 9 til 25 cm med gjennomgåande mørk fjørdrakt. Det finst ca. 100 artar fordelt på 19 slekter spreidd i alle tropiske til tempererte område.
Det vitskaplege namnet kjem frå gammalgresk απους, apous som tyder 'utan føter'.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste artane har svart eller mørkebrun fjørdrakt. Somme artar har lysare parti på strupe som gråseglar og undergump. Alpeseglar har kvitt magefelt. Kjønna er like.
Seglarar er av dei mest spesialiserte fuglane, og best tilpassa liv i lufta. Dei beitar insekt og edderkoppar, tar opp vatn, pleier fjøra, parar seg og kan sove i lufta. Dei vil aldri setje seg ned på bakken eller på ei grein, men kan klamre seg til grove vertikale flater. Dei har små klør, men flørne er sterke og skarpe, saman med ein kraftig hale ei tilpassing for å gripe tak på vertikale flater.[1] Nokre artar kan vri alle tær framover slik at dei saman fungerer som ein krok å henge etter.[2]
Storleiken varierer frå dvergsalangan (Collocalia troglodytes), som veg 5,4 gram og måler 9 cm i lengd, til glansseglar (Hirundapus celebensis), på 184 g og 25 cm. Små artar er målt i opptil 111 km/t, men ikkje-stadfesta målingar av ein stor art som pigghaleseglar skal ha gjeve registrering på 170 km/t.[1]
Det er estimert at ein tårnseglar kan flyge ein årleg distanse på 200 000 km. Ei gruppe, grotteseglarar, (salangarar og slekta Schoutedenapus) har utvikla ei form for ekkolokalisering for å navigere i mørke grotter på veg til kvileplassar. Det er nyleg oppdaga at ein art, papuasalangan, (Aerodramus papuensis) også nyttar slik navigasjon utanfor hola om natta.
Mange av artane har ein karakteristisk profil i flukt, med ein kort kløfta stjert og særs lange sigdforma venger. Fluktbiletet hos somme artar har særeigne blaffrande rørsler som er mykje ulike dei hos svalene. Tilsynelatande kan seglarar likne svaler, men seglarar har ikkje nært slektskap til sporvefuglar i det heile. Seglarar er plassert i ordenen Apodiformes, som dei deler med kolibriar og treseglarar. Treseglarar er nærast relatert til seglarar, men finst i sin eigen familie Hemiprocnidae. Likskapen mellom seglarar og svaler skyldast konvergerande evolusjon som reflekterer liknande levemåte basert på å beite insekt i lufta.
Forplanting
[endre | endre wikiteksten]Reir av mange artar er limt med spytt til ei vertikal overflate med spytt, og salangarar, slekta Aerodramus, nyttar berre spyttstoffet. Dette er basis for svalereirsuppe. Andre seglarar byggjer reir av materiale som dei snappar i lufta. Egga blir klekt etter 19 til 23 dagar, og ungane forlèt reiret etter ytterlegare seks til åtte veker. Begge foreldra hjelper til med mating av ungane.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Seglarar har ein verdsomspennande distribusjon i tropiske til tempererte område, men som svalene i tempererte område er dei sterkt avhengige av å migrere til tropane om vinteren. Nokre artar kan overleve i korte periodar med kaldt vêr ved å gå inn i ein dvaleliknande tilstand.
Berre 3 av dei ca. 100 artane av seglarar er vanlege i Europa. Tårnseglar finst nord til og med Skandinavia og Finland med nordgrense i Noreg omtrent i Salten. Gråseglar og Alpeseglar er sett i Noreg, men er vanlege i Sør-Europa. Småseglar er sjeldan i Sør-Europa.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Seglarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Underfamilie Cypseloidinae
Slekt Cypseloides
- Svartseglar, Cypseloides niger, Black Swift, Gmelin, 1789, (LC)
- Kvitbrystseglar, Cypseloides lemosi, White-chested Swift, Eisenmann & Lehmann, 1962, (LC)
- Saltaseglar, Cypseloides rothschildi, Rothschild's Swift, Zimmer, 1945, (NT)
- Sotseglar, Cypseloides fumigatus, Sooty Swift, Streubel, 1848, (LC)
- Mestisseglar, Cypseloides storeri, White-fronted Swift, Navarro, Peterson, Escalante & Benitez, 1992, (DD)
- Bleikhakeseglar, Cypseloides cryptus, White-chinned Swift, Zimmer, 1945, (LC)
- Kvitflekkseglar, Cypseloides cherriei, Spot-fronted Swift, Ridgway, 1893, (DD)
- Fosseseglar, Cypseloides senex, Great Dusky Swift, Temminck, 1826, (LC)
Slekt Streptoprocne
- Raudhalsseglar, Streptoprocne rutila, Chestnut-collared Swift, Vieillot, 1817, (LC)
- Tepuiseglar, Streptoprocne phelpsi, Tepui Swift, Collins, 1972, (LC)
- Halsbandseglar, Streptoprocne zonaris, White-collared Swift, Shaw, 1796, (LC)
- Kvitnakkeseglar, Streptoprocne semicollaris, White-naped Swift, DeSaussure, 1859, (LC)
- Skjoldseglar, Streptoprocne biscutata, Biscutate Swift, Sclater, 1866, (LC)
- Underfamilie Apodinae
Slekt Mearnsia
- Kvitvengseglar, Mearnsia picina, Philippine Spinetailed Swift, Tweeddale, 1879, (NT)
- Papuaseglar, Mearnsia novaeguineae, Papuan Spinetailed Swift, D'Albertis & Salvadori, 1879, (LC)
Slekt Zoonavena
- Madagaskarseglar, Zoonavena grandidieri, Malagasy Spinetail, Verreaux, J, 1867, (LC)
- Saotomeseglar, Zoonavena thomensis, Sao Tome Spinetail, Hartert, 1900, (LC)
- Hinduseglar, Zoonavena sylvatica, White-rumped Needletail, Tickell, 1846, (LC)
Slekt Telacanthura
- Baobabseglar, Telacanthura ussheri, Mottled Spinetail, Sharpe, 1870, (LC)
- Jungelseglar, Telacanthura melanopygia, Black Spinetail, Chapin, 1915, (LC)
Slekt Rhaphidura
- Sølvgumpseglar, Rhaphidura leucopygialis, Silver-rumped Needletail, Blyth, 1849, (LC)
- Kvitbukseglar, Rhaphidura sabini, Sabine's Spinetail, Gray, JE, 1829, (LC)
Slekt Neafrapus
- Stumpseglar, Neafrapus cassini, Cassin's Spinetail, Sclater, 1863, (LC)
- Flaggermusseglar, Neafrapus boehmi, Bat-like Spinetail, Schalow, 1882, (LC)
Slekt Chaetura
- Skorsteinsseglar, Chaetura pelagica, Chimney Swift, Linné, 1758, (NT)
- Brunseglar, Chaetura vauxi, Vaux's Swift, Townsend, JK, 1839, (LC)
- Guyanaseglar, Chaetura chapmani, Chapman's Swift, Hellmayr, 1907, (LC)
- Amazonseglar, Chaetura viridipennis, Amazonian Swift, Cherrie, 1916
- Oskeseglar, Chaetura meridionalis, Sick's Swift, Hellmayr, 1907, (LC)
- Korthaleseglar, Chaetura brachyura, Short-tailed Swift, Jardine, 1846, (LC)
- Kolibriseglar, Chaetura spinicaudus, Band-rumped Swift, Temminck, 1839, (LC)
- Røykseglar, Chaetura fumosa, Costa Rican Swift, Salvin, 1870, (LC)
- Grågumpseglar, Chaetura cinereiventris, Gray-rumped Swift, Sclater, 1862, (LC)
- Selvasseglar, Chaetura egregia, Pale-rumped Swift, Todd, 1916, (LC)
- Antillseglar, Chaetura martinica, Lesser Antillean Swift, Hermann, 1783, (LC)
Slekt Hirundapus
- Pigghaleseglar, Hirundapus caudacutus, White-throated Needletail, Latham, 1801, (LC)
- Sølvryggseglar, Hirundapus cochinchinensis, Silver-backed Needletail, Oustalet, 1878, (LC)
- Brunryggseglar, Hirundapus giganteus, Brown-backed Needletail, Temminck, 1825, (LC)
- Glansseglar, Hirundapus celebensis, Purple Needletail, Sclater, 1866, (LC)
Slekt Hydrochous
- Storsalangan, Hydrochous gigas, Waterfall Swift, Hartert & Butler, AL, 1901, (NT)
Slekt Collocalia
- Dvergsalangan, Collocalia troglodytes, Pygmy Swiftlet, Gray, 1845, (LC)
- Kinabalusalangan, Collocalia dodgei, Bornean Swiftlet, Richmond, 1905
- Christmassalangan, Collocalia natalis, Christmas Island Swiftlet, Lister, 1889
- Epidotsalangan, Collocalia linchi, Cave Swiftlet, Horsfield & Moore, F, 1854, (LC)
- Dunfotsalangan, Collocalia affinis, Plume-toed Swiftlet, Beavan, 1867
- Grågumpsalangan, Collocalia marginata, Gray-rumped Swiftlet, Salvadori, 1882
- Fjellryggsalangan, Collocalia isonota, Ridgetop Swiftlet, Oberholser, 1906
- Tenggarasalangan, Collocalia sumbawae, Tenggara Swiftlet, Stresemann, 1925
- Dunkelsalangan, Collocalia neglecta, Drab Swiftlet, Gray, 1866
- Glanssalangan, Collocalia esculenta, Glossy Swiftlet, Linné, 1758, (LC)
- Satengsalangan, Collocalia uropygialis, Satin Swiftlet, Gray, 1866
Slekt Aerodramus
- Seychellsalangan, Aerodramus elaphrus, Seychelles Swiftlet, Oberholser, 1906, (VU)
- Maskarenesalangan, Aerodramus francicus, Mascarene Swiftlet, Gmelin, 1789, (NT)
- Indiasalangan, Aerodramus unicolor, Indian Swiftlet, Jerdon, 1840, (LC)
- Sulawesisalangan, Aerodramus sororum, Sulawesi Swiftlet, Stresemann, 1931
- Halmaherasalangan, Aerodramus infuscatus, Halmahera Swiftlet, Salvadori, 1880, (LC)
- Seramsalangan, Aerodramus ceramensis, Seram Swiftlet, van Oort, 1911
- Filippinarsalangan, Aerodramus mearnsi, Philippine Swiftlet, Oberholser, 1912, (LC)
- Bergsalangan, Aerodramus hirundinaceus, Mountain Swiftlet, Stresemann, 1914, (LC)
- Melanesiasalangan, Aerodramus spodiopygius, White-rumped Swiftlet, Peale, 1849, (LC)
- Australsalangan, Aerodramus terraereginae, Australian Swiftlet, Ramsay, 1875, (LC)
- Orientsalangan, Aerodramus brevirostris, Himalayan Swiftlet, Horsfield, 1840, (LC)
- Vulkansalangan, Aerodramus vulcanorum, Volcano Swiftlet, Stresemann, 1926, (NT)
- Storhovudsalangan, Aerodramus whiteheadi, Whitehead's Swiftlet, Ogilvie-Grant, 1895, (DD)
- Nakenbeinsalangan, Aerodramus nuditarsus, Bare-legged Swiftlet, Salomonsen, 1962, (LC)
- Enigmasalangan, Aerodramus orientalis, Mayr's Swiftlet, Mayr, 1935, (DD)
- Gråsalangan, Aerodramus amelis, Ameline Swiftlet, Oberholser, 1906
- Monsunsalangan, Aerodramus vanikorensis, Uniform Swiftlet, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
- Sundasalangan, Aerodramus salangana, Mossy-nest Swiftlet, Streubel, 1848, (LC)
- Palausalangan, Aerodramus pelewensis, Palau Swiftlet, Mayr, 1935, (LC)
- Marianesalangan, Aerodramus bartschi, Mariana Swiftlet, Mearns, 1909, (EN)
- Karolinesalangan, Aerodramus inquietus, Caroline Islands Swiftlet, Kittlitz, 1858, (LC)
- Atiusalangan, Aerodramus sawtelli, Atiu Swiftlet, Holyoak, 1974, (VU)
- Tahitisalangan, Aerodramus leucophaeus, Polynesian Swiftlet, Peale, 1849, (LC)
- Marquesassalangan, Aerodramus ocistus, Marquesan Swiftlet, Oberholser, 1906
- Malaysalangan, Aerodramus maximus, Black-nest Swiftlet, Hume, 1878, (LC)
- Reirsuppesalangan, Aerodramus fuciphagus, White-nest Swiftlet, Thunberg, 1812, (LC)
- Kystsalangan, Aerodramus germani, Germain's Swiftlet, Oustalet, 1876
- Papuasalangan, Aerodramus papuensis, Three-toed Swiftlet, Rand, 1941, (DD)
Slekt Schoutedenapus
- Bergseglar, Schoutedenapus myoptilus, Scarce Swift, Salvadori, 1888, (LC)
- Kivuseglar, Schoutedenapus schoutedeni, Schouteden's Swift, Prigogine, 1960, (VU)
Slekt Apus
- Alpeseglar, Apus melba, Alpine Swift, Linné, 1758, (LC)
- Granittseglar, Apus aequatorialis, Mottled Swift, von Müller, 1851, (LC)
- Kappverdeseglar, Apus alexandri, Alexander's Swift, Hartert, 1901, (LC)
- Tårnseglar, Apus apus, Common Swift, Linné, 1758, (LC)
- Kanariseglar, Apus unicolor, Plain Swift, Jardine, 1830, (LC)
- Klippeseglar, Apus niansae, Nyanza Swift, Reichenow, 1887, (LC)
- Gråseglar, Apus pallidus, Pallid Swift, Shelley, 1870, (LC)
- Bekseglar, Apus barbatus, African Swift, Sclater, 1866, (LC)
- Somaliseglar, Apus berliozi, Forbes-Watson's Swift, Ripley, 1966, (LC)
- Namibseglar, Apus bradfieldi, Bradfield's Swift, Roberts, 1926, (LC)
- Gassarseglar, Apus balstoni, Madagascar Swift, Bartlett, 1880, (LC)
- Gaffelseglar, Apus pacificus, Pacific Swift, Latham, 1801, (LC)
- Tibetseglar, Apus salimalii, Salim Ali's Swift, Lack, 1958
- Shivaseglar, Apus leuconyx, Blyth's Swift, Blyth, 1845
- Buddhaseglar, Apus cooki, Cook's Swift, Harington, 1913
- Khasiseglar, Apus acuticauda, Dark-rumped Swift, Jerdon, 1864, (VU)
- Småseglar, Apus affinis, Little Swift, Gray, JE, 1830, (LC)
- Husseglar, Apus nipalensis, House Swift, Hodgson, 1837, (LC)
- Horusseglar, Apus horus, Horus Swift, Heuglin, 1869, (LC)
- Kvitgumpseglar, Apus caffer, White-rumped Swift, Lichtenstein, 1823, (LC)
- Kamerunseglar, Apus batesi, Bates's Swift, Sharpe, 1904, (LC)
Slekt Aeronautes
- Mesaseglar, Aeronautes saxatalis, White-throated Swift, Woodhouse, 1853, (LC)
- Kvittippseglar, Aeronautes montivagus, White-tipped Swift, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)
- Andesseglar, Aeronautes andecolus, Andean Swift, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)
Slekt Panyptila
- Småsvaleseglar, Panyptila cayennensis, Lesser Swallow-tailed Swift, Gmelin, 1789, (LC)
- Storsvaleseglar, Panyptila sanctihieronymi, Great Swallow-tailed Swift, Salvin, 1863, (LC)
Slekt Cypsiurus
- Asiapalmeseglar, Cypsiurus balasiensis, Asian Palm-Swift, Gray, JE, 1829, (LC)
- Afrikapalmeseglar, Cypsiurus parvus, African Palm-Swift, Lichtenstein, 1823, (LC)
Slekt Tachornis
- Karibseglar, Tachornis phoenicobia, Antillean Palm-Swift, Gosse, 1847, (LC)
- Zuliaseglar, Tachornis furcata, Pygmy Swift, Sutton, 1928, (LC)
- Moricheseglar, Tachornis squamata, Fork-tailed Palm-Swift, Cassin, 1853, (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på delar av «Swift» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2009.
- Encyclopedia of life
- Om tårnseglarar hos commonswift.org
- Rob Hume, Damms store bok om fugler i Norge og Europa, N. W. Damm & Søn AS, 2002 ISBN 82-496-0599-3
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Chantler, P. (2017). Swifts (Apodidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 27. november 2017.
- ↑ Proctor, Noble S.; Lynch, Patrick J. (1993). «Chapters: 6.Topography of the foot; 11.The pelvic gridle; 12.The bones of the leg and foot Family». Manual of Ornithology. Avian Structure & Function. New Haven and London: Yale University Press. s. 70–75, 140–141, 142–144. ISBN 0-300-07619-3.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lydopptak frå seglarar hos xeno-canto.org
- (no) seglarar hos Artsdatabanken
- (en) seglarar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) seglarar i Encyclopedia of Life
- (en) seglarar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) seglarar hos Dyntaxa
- (en) seglarar hos Fauna Europaea
- (en) seglarar hos Fossilworks
- (en) seglarar hos Fossilworks
- (en) seglarar hos ITIS
- (en) seglarar hos NCBI
- (en) Kategori:Apodidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons