Shattered
Utsjånad
Shattered Singel av Rolling Stones frå albumet Some Girls | ||
B-side |
«Everything Is Turning to Gold» | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. november 1978 | |
Innspelt | Oktober-desember 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:46 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Låtskrivar(ar) | Mick Jagger, Keith Richards | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
Rolling Stones-kronologi | ||
«Respectable» (1978) |
Shattered | «Emotional Rescue» (1980)
|
«Shattered» er ein song av The Rolling Stones på albumet Some Girls frå 1978. Songen er ei betraktning av den amerikanske livsstilen i 1970-åra og livet i New York City, men ein kan òg høyre innverknad frå den engelske punk-rørsla.
Songen vart spelt inn frå oktober til desember 1977 og har tekst av Mick Jagger og eit gitarriff av Keith Richards. Jagger sa i eit intervju med Rolling Stone at han skreiv teksten bak i ein drosje i New York.
«Shattered» vart gjeven ut som singel i USA og gjekk i 1979 til 31. plass på singellista der.
Ei konsertutgåve av songen finst på konsertalbumet Still Life frå 1982. Ei anna utgåve vart spelt under A Bigger Bang Tour og er med på Shine a Light.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shattered (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2009.