Sjakkbrikka konge
Kongen i sjakk er den viktigaste brikka, men òg den med minst handlingsrom.
Den kvite kongen startar på feltet e1, medan den svarte startar på e8. Kongen kan flytta eitt felt i alle retningar (framover, bakover, sidelengs og diagonalt). I løpet av partiet kan kongen òg gjera éin rokade.
Viss ein ikkje kan hindra at kongen blir slått, seier ein at han er sjakkmatt, og spelet er tapt. Ein spelar har ikkje lov til å flytta kongen slik at motstandaren kan slå han, det vil seia å setja sin eigen konge i sjakk. Kan spelaren ikkje utføra andre trekk, seier ein at kongen er sett patt, og partiet endar med remis (uavgjort).
Kongen deltek vanlegvis ikkje aktivt i starten av eit parti, og ein vil vanlegvis prøva å plassera han trygt bak sine eigne bønder. I sluttspelet blir kongen gjerne meir aktiv, og blir ofte brukt til å hjelpe eigne bønder fram til forvandling.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konge (sjakk)» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2005.