Skeise-VM 1951 for menn
Utsjånad
Verdsmeisterskapen på skeiser 1951 for menn vart avvikla i Davos i Sveits helga 10. og 11. februar 1951. 31 utøvarar frå 12 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.
Norske Hjalmar Andersen vart verdsmeister for andre året i rad. Han var suverent best både på 5 000 meter og 10 000 m og nærare 4 tidspoeng føre nestemann og over 5 tidspoeng føre tredjemann i meisterskapen, høvesvis Johnny Cronshey frå Storbritannia og Kornél Pajor som representerte Ungarn. Susumu Naito frå Japan vann 500-meteren med klar margin og Wim van der Voort frå Nederland 1500 m.
Skeise-VM 1951
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Hjalmar Andersen | Noreg | 200,147 | |
Johnny Cronshey | Storbritannia | 204,033 | |
Kornél Pajor | Ungarn | 205,248 | |
4 | Sverre Haugli | Noreg | 205,898 |
5 | Göthe Hedlund | Sverige | 206,157 |
6 | Carl-Erik Asplund | Sverige | 207,070 |
7 | Henry Wahl | Noreg | 207,282 |
8 | Kees Broekman | Nederland | 207,300 |
Dato: 10./11. februar 1951
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1951» frå Wikipedia på nederlandsk, den 3. januar 2021.