Slaget ved Almansa
Slaget ved Almansa | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Slaget ved Almansa (1707) | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia Portugal Dei sameinte Nederlanda |
Spania Frankrike[1] | ||||||
Kommandantar | |||||||
Jarlen av Galway Markien av Minas |
Hertugen av Berwick | ||||||
Styrkar | |||||||
22 000 | 25 000 | ||||||
Tap | |||||||
5 000 døde eller skadde 12 000 tekne til fange |
3 500 døde eller skadde |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Almansa, utkjempa den 25. april 1707, var eit av dei mest avgjerande slaga i den spanske arvefølgjekrigen. I Almansa slo den fransk–spanske armeen under Berwick grundig den allierte styrken til Portugal, Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda leia av Jarlen av Galway, og tok attende det meste av Aust-Spania for Bourbon.
Slaget har vorte skildra som «truleg det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane var kommandert av ein franskmann, og dei franske styrkane av ein brite»[2]
Slaget
[endre | endre wikiteksten]Den fransk-spanske armeen på kring 25 000 mann bestod av like mange spanjolar og franskmenn, i tillegg eit irsk regiment. Mot dei stod ein styrke med hovudsakleg engelskmenn og portugisarar i lag med nederlendarar, tyskarar og franske hugenottar.
Slaget starta med artillerield frå begge sider. Då Galway nytta reservane sine for å angripe det fransk-spanske senteret, sette Berwick ut ein sterk styrke med fransk-spansk kavaleri mot den svekka engelsk-portugisiske linja, og utrydda dei portugisiske ryttarane. Ei generell nedslakting følgde, og berre det portugisiske infanteriet heldt stand, angripen frå tre sider, og forsøk på å trekkje seg attende. Dei overgav seg då mørkret senka seg. Galway mista 5 000 som omkom og 12 000 mann som vart teken til fange. Av armeen hans på 22 000 klarte berre 5 000 å kome seg unna til Tortosa.
Etterverknad
[endre | endre wikiteksten]Sigeren var ei stort steg i å sikre Spania for Bourbon. Den største armeen til dei allierte var no øydelagd, og tronpretendenten Filip tok attende initiativet og tok Valencia.
Byen Xàtiva vart brend ned og endra namn til San Felipe for å straffe han (til minne om dette heng framleis portrett av monarken oppned i det lokale museet L'Almodí.[3])
Innan kort tid var dei einaste gjenverande allierte for den habsburgske tronpretendenten erkehertug Karl, støttespelarane hans i Catalonia og på Balearane.
Fredrik II av Preussen kalla Almansa «det mest vitskaplege slaget i hundreåret vårt», medan Winston Churchill ein gong samanlikna det knusande britiske nederlaget til katastrofar som venta den britiske armeen føre Nazi-Tyskland i starten av den andre verdskrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Battle of Almansa» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] Arkivert 2008-01-16 ved Wayback Machine. The original Banner of Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siècle...Vue du château d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."
- ↑ Norwich, John Jules (2007). The Middle Sea. A History of the Mediterranean. London: Chatto & Windus. ISBN 0701176083. Berwick var den uekte sonen til kong Jakob II av England, som var i eksil, og som hadde gått inn i teneste i den franske armeen etter han og faren drog i eksil. Galway var ein fransk hugenott som hadde gått inn i engelsk teneste under Vilhelm av Oranien.
- ↑ http://www.ayto-xativa.org/museu/cas/museo_fichas_detalle.asp?id=12