Hopp til innhald

Slaget ved Erastfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Erastfer
Del av den store nordiske krigen

Dato 9. januar 1702
Stad Erastfer i Svensk Livland
(dagens Erastvere i Estland)
Resultat Russisk siger
Partar
 Sverige  Russland
Kommandantar
Wolmar Anton von Schlippenbach Boris Sjeremetev
Styrkar
2 200 12 000
Tap
700 drepne, 350 fanga 3 000 drepne
Den store nordiske krigen

Slaget ved Erastfer (òg kalla Slaget ved Errestfer, Slaget ved Erastvere) fann stad den 9. januar 1702 nær Erastfer aust i Svensk Livland (dagens Erastvere i Estland) mellom ein russisk styrke på 12 000 mann leia av general Boris Sjeremetev og ein svensk styrke på 2 200 kommandert av Wolmar Anton von Schlippenbach. Svenskane slått og 700 mann vart drepne medan 350 mann og fire kanonar vart tekne av fienden. Det russiske tapet var totalt 3 000. Det var den første viktige sigeren til Russland i den store nordiske krigen. Den svenske kommandanten Schlippenbach klarte å rømme frå slagmarka.[1]