Hopp til innhald

Slovakisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
slovakisk
slovenčina
Klassifisering indoeuropeisk
 slavisk
  vestlege
   slovakisk
Talarar Slovakar
Bruk
Tala i Slovakia, Tsjekkia
slovakisktalande i alt 6 millionar
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Slovakia, Vojvodina (i Serbia og Montenegro)
Normert av Det slovakiske vitskapsakademiet
Språkkodar
ISO 639-1 sk
ISO 639-2 slo
ISO 639-3 slo
Wikipedia på slovakisk

Slovakisk er eit indoeuropeisk språk som blir tala først og fremst i Slovakia. Slovakisk høyrer, saman med mellom anna tsjekkisk, polsk og sorbisk, til den vestslaviske gruppa av slaviske språk. Slovakisk ligg svært nært tsjekkisk, og både slovakarar og tsjekkarar skjønar einannan godt.

Ein skriv slovakisk med latinske bokstavar, men med diakritiske teikn som markerer stemde konsonantar: č, ď, ľ, ň, š, ť, ž.

Slovakisk er offisielt språk i republikken Slovakia og i Vojvodina i Serbia og Montenegro. Slovakisk er minoritetsspråk i Tsjekkia, Ungarn, Serbia og i somme andre austeuropeiske land.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.